Osterøyserien 2. september 2009 – 2001 spelarane.

Onsdag 2. september var jentene og gutane våre klare for nye kampar i Osterøyserien etter ein strålande innsats i Kvernbit Cup.


Andreas B. spring ifrå ein Fotlandsvågspelar.

Motstandar denne kvelden var Fotlandsvåg.
Våre spelarar fortsette det fine spelet dei hadde frå Kvernbit Cup og gjekk raskt opp i leiinga, første omgongen vart einveiskjøring mot Fotlandsvåg sitt mål og det stod 5-0 i vår favør.

I 2. omgong kom Fotlandsvåg litt meir med i spelet og laga 2 mål, sluttresultatet vart til slutt 6-2, noko både me og spelarane var kjempefornøgde med!

Andre kampen vår vart eit innbyrdes oppgjer der det eine laget vann 8-3. Kjekt å sjå kor mykje tøffare alle har vorte, full innsats og fokus på ballen.

Neste runde vert 8. september i Haus.


Martine K. er klar til å ta imot ballen.


Bendik kjempar for å nå ballen før Fotlandsvågspelaren.


Madelen med fullt fokus på ballen.


Snorre stoppa som vanlig dei fleste som prøvde å nærma seg målet vårt.


Vetle på vei mot mål, Margarita prøver å avvergja.


Jan Morten fullt konsentrert i mål.

Aktivitetar

Hopp utan tilløp
Haus skule onsdag 27.11.2024 kl. 18.30
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt