Høstsesongen i gong for Jente 11

Jente 11 starta høstsesongen med ein seier og eit tap. Onsdag var det Tertnes kule jenter som kom på besøk til Hatland. Torsdag var det eit anna Tertnes lag som var vertar for våre jenter.


Her scorar Emma eit av sine tre mål.

Alle jentene var klare til kamp etter ein lang sommarferie. Onsdag  var det full innsats og mykje fint samspel gjennom heile kampen og jentene vann fortjent 6-1. Emma scora 3 mål, Viktoria 1, Kristin 1 og Ida 1.

Torsdag starta kampen bra. Jentene leda 3-0 til pause. Etter pausen tok kreftene slutt i varmen og det vart tap 5-4.


Full innsats av Julie og Vilde.


Så glade vert me når me vinn.


Kristin på eit av sine mange løp.


Marie i fint driv.


Andrea er ikkje lett å lura.