Tap i lokaloppgjeret

NY GOD KAMP: Thomas Langeland var i storform mot VHFK laurdag, og skåra eit av Osterøy sine mål. Til hausten ventar fleire tøffe oppgåver for dei gul/grøne sin toppskårar.

Laurdag var det duka for eit av sesongens absolutte høgdepunkt; eit av to lokaloppgjer mot VHFK. Kampen enda til slutt med 2-4 tap for dei gul/grøne, i ein kamp som trass alt viste framsteg for Rosnes sine menn

– Eg er fornøgd med det me presterer trass tap, seier Vidar Rosnes etter kampen. – Første omgang spesielt. Då får ikkje VHFK til mykje – og det er vår forteneste. I 2. omgang tek dei litt over innleiingsvis og avgjer kampen i denne perioden. Synes me kjem meir med mot slutten, men klarar ikkje å få ballen i mål. Uansett; legg karane ned ein slik innsats som i dag når haustkampane startar ser det ikkje så verst ut for oss likevel, sluttar han.

Osterøy hadde på førehand bestemt seg for å gi naboane frå "Flåtebygda" kamp om poenga, og gjekk hardt ut frå start. Allereie etter 7 minuttar fekk dei betalt for strevet då Thomas Langeland vart spela gjennom heimeforsvaret av Torbjørn Hovden. Åleine med keeper gjer toppskåraren ingen feil, og sender Osterøy i leiing.

Arbeidsmoralen til dei gul/grøne gjorde sitt til at VHFK ikkje fekk produsert mange sjangsar gjennom etablert spel. På dødball derimot var heimelaget giftige. Etter 26 minuttar utliknar Kalle Fiskå på ein corner.

Spelet bølgar etter dette litt fram og tilbake. Osterøy er framleis svært godt med på notane, og etter 36 minuttar går Torbjørn Hovden i bakken i heimelaget sin 16-meter. Dommaren peikar på straffermerket, og Jens Lillefosse stig fram og gir Osterøy leiinga for andre gong i kampen.

LOMPA TIL BOGNØY: Einar Gjerstad krøllar seg rund stanga i eit tappert forsøk på å avverge Kristoffer Bognøy si lompe. Desverre for Osterøy gjekk ballen i nota.

Berre to minuttar før pause tømmer Kristoffer Bognøy ein solid dose kaldt vatn i Osterøy sine blodårar med ei noko heldig skåring. Bognøy "sleivar" ballen via ein Osterøy-spelar, ballen får ein boge og dalar ned rett under Einar Gjerstad sin tverrliggar.

Etter pausen tar VHFK over og kjører kampen dei første tjue minuttane og avgjer i denne perioden kampen til sin fordel. Først er det Jonas Hauge som stussar eit frispark frå langt hald inn bak ein utspelt Gjerstad i Osterøymålet.

Samme Hauge er på farten igjen etter 65 minuttar spel. Hauge, som står og trippar framfor keeper på ein corner får brått auge på ei krone inne i målet til Einar Gjerstad. Blakk som han er kastar han seg ned for å sikre seg litt økonomisk armslag. Einar Gjerstad og Frode Evensen slår oppgitt ut med nevane når dommaren peikar på straffemerket.

Protestane vert vinka til sides av dommaren, og Øyvind Thommasen gjer ingen feil frå 11 meter. 4-2 til VHFK vert òg sluttresultatet. Osterøy kjem meir med i kampen mot slutten av omgangen, men har få sjangsar det er verdt å nemna.

KNERTEN STOD ATT: Store, litle Thomas Langeland får frispark i mot etter at "halve" VHFK har kollidert seg i mellom. Langeland spelte ein av sine beste kampar for sesongen i lokaloppgjeret.

Av poeng me KAN nemna er at Thomas Langeland blir vinka av for offside etter tvilsam dømming av heimepublikumet. Samme Langeland får eit frispark mot seg etter at 2 VHFK forsvararar kolliderer med eigen keeper. Osteroyil.no vel utover dette å ikkje kommentera innsatsen til dommartrioen….

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Thomas Hole (Øyvind Tønjum), Vidar Fossdal, Ronny Hansen, Jens Lillefosse, Frode Evensen (Martin Dyvik), Kim Solberg, Kristian Daltveit, Martin Hanstvedt, Torbjørn Hovden og Thomas Langeland (Kenneth Grimstad).