Toppers for Jenter 16!
Jenter 16 er ustoppelege og tok på søndag 21. Juni sin sjette siger for sesongen og hjelpetrenarane Øystein og Kristoffer spanderte is etter kampen.
Denne gongen var det nr. 2 på tabellen, Eikanger, som stod for tur og dei opna best. Osterøyjentene sleit litt og var for lite aggressive på ballmottak, så mesteparten av spelet føregjekk på vår banehalvdel.
Men ut i omgongen fekk me corner og dette sette Dorthe kontant i mål!
No kom jentene meir med i spelet og kjempa for kvar ball. Eikanger utlikna likevel like før pause. I andre omgong fortsette jentene våre det gode spelet, og Dorthe sette inn nok eit mål!
På slutten av andre omgong datt jentene nedigjen på nivået dei starta på, og det var berre kjempegodt spel av vår keeper Adelin som hindra fleire Eikanger mål.
Etter nokre nervepirrande sluttminutt, spesielt for oss som stod på sidelinja, enda det heile med 1-2 siger til oss!
Kjempeflott innsats og velfortent ferie på toppen av tabellen!
Amalie jobba veldig bra.
Adelin gjorde ein kjempeinnsats i mål!
Renate kjempa som ei "løvinna".
Oppladning i sola før kampen.
Victoria Hanstveit som vanlig veldig god!
Silje i duell med ein Eikangerspelar.