Spennande kamper i 4.runde i Osterøyserien

Spennande kampar i 4.runde i Osterøyserien på Hatland 14.juni !


Victor og Nadia for full fart mot mål i kampen mot Valestrand

Veret var upåklagelegt, og det var og innsatsen til jenter/gutar 2000 på Hatland i dag.Laget hadde fått flotte splitta nye drakter til kampane i dag, og kanskje det var dette som inspirerte til ekstra god innsats?
Spelarane var fulle av pågongsmot og virka revansjelystne etter tapa i 3.runde i serien.
Første kampen var mot Haus, og denne enda med knepent tap for Osterøy, 2-3 til Haus.Neste kamp var mot Valestrand, og her losna det for Osterøy som vann 1-0 denne kampen!


Simen, Victor og Matias L. Full fokus her!


Åhh!!Sååå nesten mål!!!  Besnik,Yngve,Magnus G., Dortea

I kamp nr. 3 fortsette det gode spelet, og Osterøy vann fortjent 4-2 mot Valestrand.
Seier vart det også i den neste kampen, den var og mot Valestrand, 2-1 til Osterøy.Stor jubel i Osterøyleiren.


Bjørn Sindre,Steffen,Mia,Dortea,Besnik,Jonas,Magnus V.,Yngve

Siste kampen var et internt oppgjer mellom Osterøy 2 og 3.Jevnt og spennande i første omgong. I andre omgong fekk Osterøy 2 fleire nettkjenningar, og vann kampen til slutt 7-1 .


Besnik,Ingrid,Yngve, og Steffen er alle klare til å ta i mot innkastet

Jørgen, Dortea, Ingrid, Mathias, Christer, Simen
Godt å kvila seg imellom øktene.

Bjørn Sindre, Victor, Besnik, Mia, Magnus, Dortea og Jonas
Full jubel over 4-2 seier til Osterøy over Valestrand !

Aktivitetar

18 feb
Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass
23 feb