Siger for både 2001-gutar og jenter!

4. runde av Osterøyserien.


Spelarane i flunkande nye draktar sponsa av Gunnebo!

I fjerde runde av Osterøyserien som vart spela på kunstgrasbana i Fugledalen søndag 14. juni gjorde både jentene og gutane det kjempebra! I flunkande nye drakter sponsa av Gunnebo ville dei visa at dette var skikkelige vinnardrakter!

Jentene starta mot Hausvik og her var det full innsats frå første avspark. Hausvik var dei første til å scora, men Osterøyjentene svara umiddelbart og snart stod det 1-1. Etterpå laga Osterøy 2 mål til, så sluttresultatet vart 3-1 til oss!
Ein formidabel framgong for jentene våre når me tenkjer på at dei berre for 1 år sidan tapte 18-0 mot Hausvik jentene.


Vinnarjentene; bak f.v. Julie Skjerping Gjelvik, Margarita Solberg, Nora Borge Solberg, Benedikte Flatås, framme f.v. Martine Kollvangsnes, Martine Solberg og Tiril Rongved.


Benedikte klar til innsats.


Julie på full fart mot Hausvik målet.


Skikkelig jubel etter eit av måla!


Martine S. lar ikkje Hausingane sleppa til.


Så glade vert me når me har vunne vår første jentekamp!

Så var det gutane sin tur, denne gongen mot Fotlandsvåg. Osterøygutane hadde vorte inspirert av jentene og også her var det fullt trøkk heile tida.
Gutane jobba for kvarandre og stod på, dette gav resultat og måla "hagla" inn bak Fotlandsvåg sin keeper, resultatet vart til slutt 4-1 til Osterøy!

Både foreldre og spelarar var strålande fornøgde etter desse 2 kampane!


Tiril godt forberedt til å heia på gutane!


Vinnargutane; bak f.v. Bendik Saxstad Søgnesand, Andreas Tyssebotn Fjereide, Jan Morten Hugnastad, Andreas Neu Beckstrøm og Snorre Martinsen. Framme f.v. Stian Heimvik Solberg, Herman Neu Beckstrøm og Jonatan Gjerstad Skjerping.

Osterøyspelarane spelte kvar sin kamp til, jentene mot 1. klasse gutane til Valestrand/Hjellvik, der enda kampen med 0-5 i Valestrand/Hjellvik sin favør.

Gutane våre kjempa mot 2. klasse gutane til Valestrand/Hjellvik, også denne kampen vann VHFK, her med 0-4.


Snorre ryddar opp i forsvaret.



Stian inn for "landing".

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai