Jenter i scoringshumør

Jenter 11 er i scoringsform for tida. Denne veka har dei ein målforskjell på 11-1 på to kampar.

Første kampen denne veka vart spelt på Hatland. Det var Flaktveit  Falk 2 som kom på besøk. Jentene leda 1-0 til pause. I andre omgang  kom litt av vinnarviljen til jentene fram og dei laga 3 mål. Målscorarar i denne kampen var Julie 2 og Kristin 2.

Onsdag reiste jentene til Stemmemyren for å kjempa mot Sandviken sine jenter. Trenarane var redde for at våre jenter skulle få ein tøff kamp mot eit godt lag. Kampen starta også slik med eit Sandviken lag som gjekk ut i hundre, men våre jenter ville ikkje la seg herje med. Dei jobba godt og tok fort over initiativet i kampen. Dette var ein dag då jentene ville mykje. Etter 1. omgang leda dei difor 4-0. I andre omgong fortsatte dei med god innsats og kunne reisa heimatt med 7-1 i bagasjen.
Målscorarar i denne kampen var: Emma 2, Elida 1, Ingeborg 1 og Kristin 3. Alle jentene jobba godt heile kampen.


Full konsentrasjon.



Klar til å ta ballen når han kjem


Kristin i fint driv.


Eit solid forsvar.


Ballen er litt hard.


Emma viser musklar.



Me er klare til å laga mål.


Viktoria lar seg ikkje lura.


Full innsats.


Etter kampen var det mange glade jenter.