Tapte for eit betre lag



STORTAP: Einar Gjerstad spelte ein god kamp mot Øygard, men måtte likevel hente heile seks ballar ut av eige mål før dommaren blåste av kampen på Straume måndag.

Osterøy gjekk på eit nytt stortap borte mot Øygard 2. pinsedag. Heile seks ballar måtte sisteskanse Einar Gjerstad plukka ut av eige bur på Straume Idrettspark.

Det var ein ordknapp Osterøy-trenar som etter kampen oppsummerte bataljen på følgande måte: -Dei var rett og slett mykje betre enn oss. Dei heldt eit høgare tempo enn oss både med og utan ball og vinn kampen fullt fortent.

Øygard tok kommandoen frå start og pressa Osterøy bakover på bana. Med høgt balltempo spela dei seg greitt gjennom Osterøy-forsvaret fleire gonger. Allereie etter 10 minuttar skårar dei det første målet på ein corner frå venstre og der frå og inn er det ingen tvil om kor poenga ville hamne.

Etter knappe 20 minuttar er det duka for 2-0. Ein av Øygard sine gode, kjappe spissar får eit stort bakrom å boltre seg i. Både Jens Lillefosse og Ronny Hansen vert parkert, før ein kontrollert lobb over ein utrusande Einar Gjerstad sender ballen i nettmaskene.

Osterøy rir omgangen av på stillinga 2-0, men Øygard kunne lett ha leia med både 3 og 4 mål.

I andre omgang har Osterøy vinden i ryggen, og ein forsiktig optimisme rår om at ein dermed skal kunne klare å etablere litt av eige spel. Dei første minuttane ser det også ut til at det skal gå betre enn i første omgang.

Men kor lenge hoppa Adam paradis? Etter fem minuttar har Øygard putta på til 3-0, og på dei neste seks, sju minuttane skårar dei to mål til. Dermed står det 5-0 til heimelaget før kvarteret er spela. Heimelaget skårar eit mål til mot slutten av kampen og påfører dermed Osterøy sitt andre 6-0 tap for sesongen.

-Kampen i dag må for all del ikkje samanliknast med tapet for Ny-Krohnborg. I dag er både viljen og moralen til stades, men Øygard slepp oss rett og slett ikkje til, seier trenar Rosnes. -Denne kampen gløymer me fort. Dei kommande kampane mot NHH, Laksevåg og Årstad er viktigare for oss. Det er mot desse laga me må henta poenga våre, sluttar Rosnes.

Osterøy sitt lag:
Einar Gjerstad, Thomas Hole (Kenneth Grimstad), Ronny Hansen, Jens Lillefosse, Åge Bruvik (Frode Evensen (Martin Dyvik)), Torbjørn Hovden, Kristian Daltveit (Heine Solberg), Kim Solberg, Øyvind Tønjum, Thomas Langeland og Martin Hanstvedt.