FRÅ SEIER TIL SEIER

Jenter 11 har gått frå seier til seier denne veka.

Tysdag kom Øystese på besøk til Hatland. Gjestane gjekk tidleg opp i ledelsen, men ikkje lenge etter utlikna Sofia. Deretter scora Emma 3 flotte mål. Jentene leda 4-1 til det var 5 min. att. Då scora Øystese to kjappe mål, men heldigvis klarte heimelaget å hala seieren i land i ein spennande kamp.

Torsdag var det Bergen Nord som fekk besøk av jentene våre. I denne kampen var jentene gode. Dei hadde mykje fint samspel og vann kampen lett 4-0.
Målscorarar var Kjersti, Ingeborg og Viktoria 2.
Etter kampen kom trenaren til Bergen Nord bort til jentene og skrytte av dei. Han syntes dei var blitt gode sidan i fjor.
Det viser også resultata i år. Jentene har berre tapt ein kamp og spelt ein uavgjort så langt i sesongen. Resten av kampane har dei vunne.



Emma i fint driv

Ingenting å sei på stilen.

Full konsentrasjon.

Ingenting å sei på innsatsen.

Klar til å ta ballen når han kjem.

Marie i aksjon.

Full konsentrasjon i forsvar.