Tap og siger for 10 åringane

Onsdag 20/05 var det endeleg klart for andre runde i Osterøyserien  på Osterøy si nye krøllgrasbane på Hatland. Gutar/Jenter 10 var klare til kamp, og etter siger mot Fotland i første runde var forventningane store til dei to kampane mot Haus.

 

I den første kampen opna Haus forrykande og leia 2-0 før Osterøy fekk med seg at kampen var i gong. Etter kvart vakna Osterøy, og kom meir og meir med i kampen.

 

Rett før slutt var forskjellane på laga utjamna; stillinga var då 5-5. I kampens siste minutt vart det dessverre skåring til Haus, som dermed vinn kampen 5-6. Osterøy var likevel nøgd etter ein alt i alt bra kamp – trass tap.

 

I den andre kampen er det Osterøy som kjem best i gong og leiar 3-2 etter at første omgang er ferdigspela. I pausen kjem tidlegare Brann-spelar Erlend Hanstveit og held ein liten ”pepptåk” for dei unge håpefulle Osterøy-spelarane. Både gutane og jentene viser at dei faktisk kan stå i ro og høyre etter – noko overraskande for trenarteamet.

 

Etter slik inspirasjon i pausen seier det seg sjølv at Haus i realiteten ikkje har moglegheit til siger i kampen. Andre omgang endar som første, og Osterøy vinn dermed kampen 6-4.

 

Som det kjem fram av bildet var det en glad gjeng som feira sigeren i lag med Erlend etter kampen..