Hausvik for sterke for 2001 laga

I andre runden av Osterøyserien som vart spela på Hatland onsdag 20. mai
vart Hausvik nokon hakk for store for våre spelarar.

Jentene starta showet og her var det full innsats av heile laget. Fulle av pågangsmot og vilje stod dei på heile kampen, veldig kjekt å sjå den store framgongen som samtlige jenter har hatt. No tør dei å gå på mål og skyta, og denne gongen var det Tiril som fekk utteljing.
Me var veldig fornøgde med laget sjølv om det vart 4-1 tap!


Forsvaret stod solid med Margarita som sisteskanse.


Her set Tiril ballen bak Kaia i Hausvik sitt mål.


Full konsentrasjon av Martine K og Tiril.


Sååå nær er Nora på å få mål, men alltid solide Kaia avvergar.

Så var det gutane sin tur, dei fekk spela 2 kampar mot Hausvik og her var nok Hausvik meir samkjørte enn våre gutar sjølv om me hadde veldig mange "stong ut" sjansar. Hausvik var effektive på sine sjansar og første kampen enda med 9-1 i deira favør.

I andre kampen hadde nok våre gutar lyst å revansjera tapet, men dei hadde ikkje dagen i dag, sjølv om dei kjempa på til siste spark. Kampen enda med 8-0 tap mot eit imponerande godt og samkjørt Hausvik-lag.


Andreas B prøver å springa frå Hausvik spelarane.


Even gjev alt.


Jonatan gjorde ein flott innsats i mål.


Litt høg beinføring på Andreas.


Snorre og Vetle gjorde ein flott innsats på trass av eit skikkelig ruskaver. Vaflane lokka….


Andreas B og Stian er klar til å ta imot innkast.