Ny Krohnborg ventar

STYRER SKUTA: Skal kaptein Kim Solberg klara å styra Osterøy-skuta til sesongens første bortesiger mot Ny-Krohnborg i kveld?

Osterøy reiser til "byd’n" i ettermiddag. Ny-Krohnborg står som vertskap for kveldens 5. runde kamp på Krohnsminde. Kampen har avspark kl. 18.00. (OPPDATERT MED SKADESITUASJON)


-Me vil prøva å ta med oss den positive opplevinga me hadde heime på Hatland forrige helg inn i denne kampen. Målet er å komma seg heim att med minst eit poeng, helst tre, i bagasjen, seier trenar Vidar Rosnes.

Osterøy reiser til Krohnsminde med ytterlegare redusert tropp.  Torbjørn Hovden, som rauk på legevakta i kampen mot Bremnes, har trent med laget heile veka og er dermed kampklar. Elles er skadelista forlenga med Thomas Langeland (vridning i kneet) og Øyvind Tønjum (strekk).


SOLID DUO: Osterøy sitt stopparpar har fått kjørt seg inneliingsvis denne sesongen. Både Ronny Hansen (t.v) og Jens Lillefosse har levert solide prestasjonar så langt.

-Eg vil ikkje fokusera på dei skadde spelarane meir, seier Osterøy-trenaren. -Dei er fortsatt skadd. Ferdig med det! Me har folk som har gått inn og gjort ein kjempejobb  i deira fråver, og eg er viss på at dei kjem til å gjera ein god kamp i dag òg, sluttar Rosnes.

Ny-Krohnborg, som fekk så hatten passar, av VHFK tidlegare i sesongen kjem frå eit uavgjort resultat borte mot Os 2 til kampen mot Osterøy i kveld. Det meldes om eit par skadar i troppen, men at Henning Aga truleg vil vere klar att.

Ta turen til byd’n i finavêret i ettermiddag!