G/J 01 i aksjon i Osterøyserien

Litt ”møljespel” i det interne oppgjeret.


Onsdag 6. Mai gjekk startskotet for Osterøyserien for våre 2001 spelarar. Kampane føregjekk denne gongen i Fotlandsvåg og våre spelarar reiste utover proppfulle av sjølvtillit etter den suksessfulle Stanghelle-cupen tidligare i vår
.

Første kampen spelte me mot Fotlandsvåg, og sidan me stilte med 2 lag, spelte kvart lag kvar sin omgong, Johnny sine displar starta og dei gjekk optimistisk ut. Men det viste seg at Fotlandsvåg sine spelarar var i storslag, så til pause låg me under med 2-0.

I 2. Omgong var det klart for Lillian sitt lag, også her var iveren stor, full jubel når Even laga mål for Osterøy. Kampen enda då med knepent 2-1 tap.

Andre kampen spelte Osterøylaga innbyrdes og her vart det ikkje spart på kreftene! Jentene og gutane kjempa som nokon heltar for å dra i land sigeren. Når Margarita scora for Lillian sitt lag, fekk jentene på laget ekstra ”guts”, dette var nemlig første jentemålet i ”ordentlig” kamp, tidligare har dei overlete scoringane til gutane, medan dei sjølv kun har laga mål på treningane. Margarita viste nok ein gong at jenter også er målfarlige, så ho laga lika godt eit mål til, fleire av dei andre jentene var også nære på å få mål etter dette. Kampen var jevnspelt, men enda til slutt med siger til Lillian sitt lag, 4-3.


Jonatan nære på scoring.

Eirik, Even og Andreas F prøver å få ballen i Fotlandsvåg sitt mål.

Andreas B., Even og Jonatan jaktar på same lærkulå!

Margarita jublar for sitt første mål!!!


Snorre og Andreas B. kjempar innbitt.

Nora nære på scoring, Bendik hjelper til å avverga.