Toppar tabellen etter 3 strake
Marte ”tar grep” om kampen.
Torsdag 30. april spelte jentene sin tredje kamp for sesongen, denne gongen mot Lindås. Kampen enda med 6-0 siger til jentene som må seiast å ha hatt ein god start på sesongen. Laget toppar no tabellen etter 3 strake sigrar.
Etter å ha slege Austrheim 1-14 på bortebana i helga, var sjølvtilliten på topp. Dette viste dei med å gå aggressivt ut og etter 10 minutt sette Dorthe Neu Hatland inn ein ”susar” i nettveggen til stor jubel blant heimepublikummet. Jentene fortsette presset mot Lindås og Stine Lone Hatland i storslag sette inn eit ekte hat-trick i første omgang, så stillingen til pause var 4-0.
Etter pausen kom Lindås litt meir med i kampen, men dei var aldri nokon trussel mot våre solide jenter, og når Dorthe og Stine i tillegg sette inn kvar sitt mål til i slutten av andre omgang vart det aldri nokon tvil om kor sigeren ville enda, dermed enda kampen med 6-0.
Ein flott kamp av våre jenter og me gler oss over mykje flott spel og stor framgong blant samtlege spelarar.
Stine Agnete kjempar mot Lindås sin ”øyning” Marit Mosevoll.
Dorthe på eit av sine "raid" mot mål
Nokon av jentelaget sine mest trufaste supportarar; Simen Mjelde Solberg og Fredrik Børtveit.
Karoline Sofie kjempar for laget.
Fornøgde jenter; Tanita, Karoline Sofie, Stine Agnete og Sara.