42 mål på ein dag av 2001-laget

Ein glad og fornøgd gjeng, bak frå venstre; Martine Kollvangsnes, Eirik Løtveit, Snorre Martinsen, Andreas Tyssebotn Fjereide, Herman Neu Beckstrøm, Jonatan Gjerstad Skjerping og Vetle Rossland Jørgensen. Framme frå venstre; Nora Borge Solberg, Tiril Rongved, Madelen Balestrand, Andreas Neu Beckstrøm, Jan Morten Hugnastad, Even Nøttveit Våge og Stian Heimvik Solberg.

Laurdag 25. april var 2. Klassingane klare for sin første cup, nemlig VÅRCUP PÅ STANGHELLE. 15 spelarar med foreldre/besteforeldre reiste forventningsfulle innover tidlig laurdags morgon.

Laurdag 25. april var 2. Klassingane klare for sin første cup, nemlig Vårcup på Stanghelle. 15 spelarar med foreldre/besteforeldre reiste forventningsfulle innover tidlig laurdags morgon. Me såg fram til ein flott cupdag i vårsola og hadde kledd oss etter vermeldingane som lydde på 17-18 grader og sol!!! Etter kvart som me nærma oss Stanghelle, begynte me å få bange anelsar når det gjaldt sola, fjella er som kjendt ganske så høge der inne.. Etter å ha parkert og installert oss på bana, viste det seg at me hadde grunn til uro, mykje fjell som stengte for sola og 8 grader!!

Difor var det veldig kjekt at fotballspelet til ungane våre varma som det gjorde! Dei viste tydelig at dei har trent i heile vinter og alle hadde stor framgong frå i fjor, mykje tøffare i duellane og antydning til pasningsspel.

Osterøy 2 starta showet med 4-1 siger over Stamnes, dette oppildna Osterøy 1 som slo til med 14-0 siger over EMIL (Eksingedalen/Modalen)! No oppdaga me i tillegg at sola hadde snike seg inn på plenen i utkanten av cup-området, så då danna me raskt ein Osterøyleir der og sette oss på ”tining”, fantastisk godt!

Osterøy 2 spelte vidare mot Stanghelle og vann her òg, sluttresultatet vart då 3-2, deretter var det Osterøy 1 sin tur, denne gongen mot Vaksdal. Desse vart litt for sterke for våre spelarar og det endte med 6-7 tap.

Tredje kampen til laga endte også med sigrar og i siste kampen til Osterøy 2, fekk dei tatt revansj over Vaksdal og ”knuste” dei med 6-3. Deretter  var det premieutdeling og fotografering for alle lag.

Ein flott dag for både ungar og vaksne, kjekt å sjå kor ivrige og flinke samtlige spelarar har vorte, me gler oss til Osterøyserien startar!

Laila Borge

Trenarane Johnny og Lillian gjev dei siste instruksane i ”kulden” på Stanghelle.


Som vanlig; full innsats og speleglede av Tiril …. 

…og Vetle.

 

Even V, Andreas F og Madelen "kranglar" om å lage mål


Heller lite å gjera på for keeper Nora i første kampen, der me vann 14-0


Slik ser eit ekte MÅLglis ut!! Eirik meget fornøgd med seg sjølv, Snorre jublar også.

Jonatan "tuppar" inn eit av sine mange mål


Andreas F. og Martine K. i aksjon.


Litt av osterøygjengen til "tining" i sola


Snorre hadde full innsats


Andreas F. jublande glad for måla han laga.


Osterøyraid!


Trenar Johnny ”hjelper” til under frispark for Vaksdal, veit ikkje om dommaren fekk dette heilt med seg…