Full utteljing
Tomålsscorar i debuten
Bjarte Vik Larsen vart kåra til dagens ostring i den første 11-ar kampen på superunderlaget i Fugledalen. Ein noko dårleg første omgang enda med at Osterøy låg under 0-2 mot eit brukbart juniorlag frå Nordre Holsenøy.
Spekulasjonane går på mykje nerver framføre eit stort heimepublikum hjå dei 11 utvalde frå start. "Eg har aldri vore så nervøs før," fortalde ein av dei mest ballsikre spelarane til osteroyil.no i pausen. Trøysten får vera at både han og laget spelte seg kraftig opp etter pause og vann til slutt fortent 4-3.
Osterøy sine mål vart scora av :
Bjarte Vik Larsen 2 mål
Ruben Kleppe 1 mål
Frode Stokke 1 mål på straffe
Gult kort: Øyvind Tønjum.
Keeper: Mathias Riple
Forsvar: Baste Neu Hatland, Stian B. Johannessen, Roger Husebø, Steffen S. Gjøstein
Midtbane: Øyvind Tønjum, Frode Stokke, Ruben Kleppe, Øystein Veseth
Angrep: Bård Solberg, Jørgen Greve Risholm
Benytta innbytarar: Bjarte Vik Larsen, Jonas Kleppe, Markus Fossdal, Richard Aasheim, Thomas Langeland
Thomas var med og snudde kampen i 2.omg
Ruben scora heimelaget sitt første mål