Tap i seriepremieren

STØDIG KAPTEIN:Kim Solberg spelte ein ny god kamp i Osterøy-trøya, men kunne ikkje hindra tap i seriepremieren.

Det vart desverre tap heime mot Os 2 i seriepremieren søndag ettermiddag. Osingane sine nestbeste vann ikkje ufortent 2-1, men Osterøy hadde sjangsar nok til å redde mints eitt poeng.
Enno verre enn resultatet var det at målskårar for dei gul/grøne, Ørjan Bysheim, skrev seg inn i ei allereie for lang skadeliste.


Osterøy sleit, spesielt i første omgang, med å etablere eige spel og vart springande mykje mellom ballsikre osingar. Brorparten av spelet i denne omgangen føregjekk på heimelaget sin banehalvdel utan at gjestane var spesielt farleg frampå. Tvert i mot var det Osterøy som gjekk opp i leiing etter ein liten halvtimes spel.

 

Eit hjørnespark frå høgre skapte problem for gjestane, som ikkje fekk klarert skikkeleg. I returromet venta Osterøy sin skarpskyttar Ørjan Bysheim. Bysheim får god til å sikte og bankar ballen utagbart nede til høgre for keeper.

 


OPNA MÅLKONTOEN: Ørjan Bysheim kasta ikkje bort tida. Allereie i første kamp for sesongen opna skarpskyttaren målkontoen.

Men kor lenge hoppa Adam paradis? Knappe fem minuttar seinare er det balanse i rekneskapen etter at Os 2 skårar på ein corner.  – Ein billeg skåring, sukkar kaptein Kim Solberg etter kampen. – Heilt klart ein situasjon der me bør klara å klarere. Irriterande, sluttar kapteinen.

 

Berre minuttar før pause er osingane på farten igjen. Eit hardt innlegg frå venstre vert møtt på første stolpe. Osterøy sin sisteskanse kan ikkje anna gjere enn å sjå ballen fyka forbi nede ved stolperota. Skåring i mot på verst tenkeleg tidspunkt.

 

Etter pause kjem Osterøy meir med i kampen. Dei slepp ikkje Os til mange farlege situasjonar, men er sjølv farleg frampå på dødball ved eit par høve. Største sjansen til utlikning  har midtbaneslugger Kristian Daltveit då keeper må gje retur på eit skot frå Ørjan Bysheim. Dessverre for Kristian og Osterøy er gjestane sin sisteskanse kjapt på plass og reddar returen òg.

 

15 minuttar før full tid får Ørjan Bysheim nærkontakt av tredje grad med Os-keeperen. Osterøy sin kanskje beste spelar i kampen ligg at på graset og vrir seg i smerte etter samanstøyten. Nærare undersøkingar viser at toppskåraren har strekt eit leddband og fått ei rift i menisken. Dermed er Byseheim ute dei neste tre kampane.

 

Kampen ebbar etter kvart ut, og sluttresultatet vert med dette 2-1 til dei tilreisande. Osterøy har dermed ikkje fått den opninga lage hadde håpa på. No to ventar tøffe bortekampar mot Loddefjord og Trott for Vidar Rosnes sine menn, før Bremnes vitjar Hatland om tre veker.  

 

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai