Målkalas i første kampen på kunstgraset


Trine kjører mot mål.


Osterøy/Fotlandsvåg Jenter 16 fekk æra av å spela den første kampen nokonsinne på den lenge etterlengta kunstgrasbana i Fugledalen. Kampen gjekk mot Kvernbit, og sidan dei hadde problem med å skaffa nok spelarar til 11-ar lag, vart det denne gongen 7-ar kamp.

Jentene vart inspirert av det store publikumsoppmøtet og  fekk inn det første målet. Kvernbit reduserte, men Osterøy/Fotlandsvåg gjekk raskt opp i leiinga igjen, etter 4-4 vart det Kvernbit som låg i tet, men våre jenter gav aldri opp og gjorde ein flott innsats som til slutt vart krona med 7-6 siger!

Eit velfortent resultat og ein underhaldande kamp for oss som var publikum. Gler oss til mange kjekke timar på den flotte bana vår!


Bak frå venstre: Amalie Hanstvedt, Marielle Kallekleiv, Victoria Hanstvedt, Anna Borge Solberg, Tanita Hagebø, Trine Rongved, Dorthe Hatland, Sara Laastad, Karoline Sofie Hanstvedt, trenar Ida Hanstveit. Framme frå venstre: Stine Hatland, Stine Agnete Solberg, Helen Stokke, Adelin Hanstveit, Silje Nesthus, Marte Vevle, Renate Vevle

Heroisk innsats av Victoria.

Stine driblar seg framover.

MÅÅÅÅL!!!!

Osterøy/Fotlandsvåg klar for fleire mål!

 

Aktivitetar

Hopp utan tilløp
Haus skule onsdag 27.11.2024 kl. 18.30
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt