Åsane Cup 2009

Søndag 22/3 var det tid for Åsane cup i Vestlandshallen.Jenter og gutar 2000 stillte med tre lag, eit jentelag og to gutelag.

Jentelaget var så heldige å få låne nokre spelarar frå 2001 laget til Osterøy. Alle laga spelte tre kampar kvar.


Jentelaget var først i ilden. Dei tapte dei to første kampane, men kjempa ivrig og scora fleire mål mot sterke motstandarar. Siste kampen var ekstra spennande og Osterøy spelte godt, men måtte til slutt gje tapt med eitt mål, slik at kampen enda 4-5  til mostandarane.Veldig god innsats av jentene!

På jentelaget spelte: Tirill  Rongved, Martine Solberg., Margarita Solberg, Mia H. Mjelstad,Nadia M. Solberg, Malin Birkeland og Ingrid V.Larsen

 


Gutelaget Osterøy 2 gjekk også på tap i dei to første kampane. Motstandarane var gode, så sjølv om Osterøy kjempa på gjekk det ikkje vegen. I den siste kampen snudde det heilt, og måla rann inn til Osterøy! Dette motiverte tydelegvis spelarane til ekstra god innsats, og  Osterøy 2 vann til slutt  vel fortjent12-1! Spelarane var sjølvsagt svært fornøgde. Veldig bra gutar!


På Osterøy 2 spelte: Matias N. Langeland, Magnus Gjerstad, Jørgen Birkelid, Besnik Zenelaj, Yngve Revheim, Mathias H.Elvik, og Magnus Vevle.

 

Osterøy 1 møtte tøff motstand i første kamp, og gjekk desverre på tap der tross god innsats. Andre kampen var meir jevn; Osterøy spelte godt, men tapte knepent med eitt mål til slutt. I siste kampen fekk Osterøy 1 utteljing for den gode innsatsen, og måla byrja renna inn.Dei leda lenge kampen, men enda til slutt opp med uavgjort resultat 6-6.

Kjempebra jobba gutar!


På Osterøy 1 spelte
: Steffen R.Låstad, Jonas L. Tysse, Andreas H.Bruvik, Martin Evensen, Simen Øksnes, og Aleksander H.Lone

 

Etter kampane i kvar pulje var ferdig spelte, var det premieutdeling for alle.Me gratulerer alle med god innsats i Åsane cup 2009 !!!

 

Aktivitetar

Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
14 jun