Reiste kjerringa mot Eidsvåg

Eit skadeskote Osterøy heva seg etter innsatsen i Bergan Bygg cup og spelte til tider god angrepsfotball borte mot Eidsvåg søndag kveld. Dei gul/grønne vann til slutt kampen 5-3.


– Ikkje noko kjempekamp, men dei siste tjue minuttane av første omgang var me veldig gode, konkluderer Osterøy-trenar Vidar Rosnes etter kampen. – Då vann me kampen på hurtige kombinasjonar i angrepsspelet, samt eit par svært presise dødballar. Absolutt eit steg i rett retning, smiler Rosnes.

Comeback
Skadelista til Osterøy er etterkvart blitt lang. Siste mann ut er kaptein Kim Solberg, som slit med eit skadd kne etter trening onsdag. På toppen av det heile slo Andreas Kollvangsnes opp att sin hofteskade under oppvarminga søndag. Dermed var det duka for eit aldri så lite comeback; Vidar Fosdal aksla den gul/grøne trøya att for første gong på mange år. Fosdal tok plass i midtforsvaret saman med Ronny Hansen.

Det nykomponerte forsvaret kom tidleg under press, og etter berre nokre få minuttar utnyttar Eidsvåg ein kommunikasjonssvikt og tek leiinga i kampen. Det skulle visa seg å vera ei kortvarig leiing; lynraske Thomas Langeland utliknar berre 5 minuttar seinare etter ei gåvepakke av eit tilbakesel frå vertane sin midtstoppar.

Jubelen stilna
Om Eidsvåg si leiing var kortvarig, går ein tom for ord om ein skal prøva å beskriva kor lenge Osterøy var ajour. Eidsvåg går i angrep rett frå avspark, kombinerer fint på si høgre side og tek attende leiinga i kampen, som då berre er ni minuttar gamal. 2-1 til vertane.

Dei neste fem minuttane fortset Eidsvåg å kjøre kampen, med Osterøyspelarar springande mellom seg. Der i frå og ut gjer Osterøy som dei vil.

Eirik tar tak
Anført av ein sprudlande Eirik Øvsthus på midtbana byrjar Osterøy å få fart på ballen. Det er spesielt på venstresida farlegheitar oppstår etter fine kombinasjonar mellom dei sentrale midtbanespelarane, Thomas Langeland og Frode Evensen. Sistnemde er servitør ved Osterøy si andre utlikning.

Ein presis corner frå venstre blir møtt av Ronny Hansen i stor fart på bakerste stolpe. Sikker oppskrift på skåring. Så sikker, faktisk, at samme duo prøver igjen berre fem-seks minuttar etter. Denne gong er det eit frispark frå venstre som endar på samme måte; presis ball frå Evensen, Hansen med pannebrasken og 3-2.

Minuttar før kvilda er det Thomas Langeland som igjen er frampå – etter flott kombinasjonsspel på venstresida. Han plukkar opp ein laus ball på hjørnet av sekstenmeteren og lobbar elegant over heile forsvarsfiraren og ein keeper på halvdistanse. Mønsterangrep av Osterøy. 4-2.

Gjesp
Andre omgang blir eit langt gjesp. Osterøy får stort sett styra, men speler seg ikkje til dei store sjangsane.  Frode Evensen knallar ein ball i stanga på eit frispark frå 25-30 meter – noko som òg er alt som er verdt å rapportera om frå denne omgangen….Om ein ser bort frå eit utruleg dårleg innlegg frå høgreback Øystein Didriksen.

På eit av sine offensive løp, legg Didriksen eit høgt, lurvete innlegg alt for nær keeper. I sin frustrasjon over egen prestasjon snur han seg, lirer av seg eit par glosar som ikkje gjer seg i media og luntar heim att utan å sjå etter kor ballen til slutt havnar.

Didriksen vart dermed den einaste som IKKJE fekk sjå Osterøy sitt femte og siste mål denne søndagen. Eidsvåg-keeperen hadde nemleg skifta til spanderknikersen sin i pausen. Det høge – dårlege – innlegget frå Didriksen vart tippa inn i mål av ein særs gåvmild sisteskanse. 5-2.

Eidsvåg reduserte rett før kampslutt slik at resultatet i årets 5. treningskamp enda med 5-3 til Osterøy.

Kampfakta:
3 min: 1-0
8 min: 1-1 Thomas Langeland
9 min: 2-1
23 min: 2-2 Ronny Hansen
30 min: 3-2 Ronny Hansen
42 min: 4-2 Thomas Langeland
65 min: 5-2 Øystein Didriksen
87 min: 5-3

Laget:
Einar Gjerstad, Martin Dyvik, Vidar Fosdal, Ronny Hansen, Øystein Didriksen, Torbjørn Hovden, Eirik Øvsthus, Kristian Daltveit (Heine Solberg 20 min), Frode Evensen, Thomas Langeland, Stian Myking (Martin Bysheim 45 min)