Tysse tapt for OIL

Fjorårssesongens mest framgansrike spelar, Ole Morten Tysse, har meldt overgang til Osterøy sine sebrastripete rivalar frå Valestrand. Den raske forsvarsspelaren tok sjølv initiativet til overgangen.

Ole Morten Tysse hadde ein svært god sesong for Osterøy i fjor og fekk utmerkinga "Årets mest framgongsrike spelar" då status vart gjort opp etter 2008 sesongen. 23-åringen var fast inventar i ein solid forsvarsfirar som danna grunnlaget for opprykket til 4. divisjon, og er såleis ein spelar som vil bli sakna på Hatland.

– Kjedeleg, er Vidar Rosnes sin korte kommentar til overgangen. – Me hadde hatt god bruk for Ole Morten i det som kjem til å bli ein tøff sesong for oss. Me kan likevel ikke gjera anna enn å ønska Ole Morten lukke til i VHFK trøya, sluttar Rosnes.

Det sluttar me oss til; Lukke til i VHFK, Ole Morten. Og velkommen tilbake ved eit seinare høve!

Aktivitetar

18 feb
Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass
23 feb