VGG på synfaring i Fugledalen

Fotballgruppa må vel innrømma at salget av andelar til kunstgrasbana har gått litt dårlegare enn forventa til no. Det er mange grunnar til dette, blant anna finanskrisa. Men denne veka kom regjeringa med ”Krisepakka” og det ser ut at det virkar i Valestrandsområdet allrede for følgande hende :

 

Lørdags kveld begynte telefonen og ringja i 11 tida om kvelden. Det var ein lystig gjeng fra Valestrand som kalla seg VGG (Valestrand Glade Gutter) med forhandlingsledar Bent Raknes i spissen. Dei lurte på om det fortsatt var mulig å få kjøpa seg inn i kunstgrasbana. Det svara eg at det sjølvsagt var mulig. Då la dei på for å diskutera saka vidare.

 

Litt seinare kimte telefonen igjen og dei var klar. Dei villle kjøpa 1 kvadratmeter ved kvart cornerflagg. Totalt 4 områder. Er det mulig? Eg drog nå litt på dette, men etter ei stund sa eg at dette må me få til, men me må diskutera pris. Då vart Bent litt bentenkt, men satte telefonen over til kasserar i VGG, Kåre Bognøy. Eg skal ikkje sei at forhandlingane gjekk lett, men etter ei stund så vart me enige om et utgangspunkt. Då vart det jubel i leiren og dei lurte på om det var mulig å få sjå på dei områda som dei var interessert i.

 

– Er du heime?” spurte Bengt

– Nja,  sa eg

– Me kjem og hentar deg!

 

Nei, tenkte eg, dette vert ikkje enkelt. Full busslast fra Valestrand og eg åleine. Hjelp! Men så tenkte eg på at det hadde no ikkje vore så mange på visning i det siste og salget hadde vore så som så, her må ein berre trø til.

 

Fem minuttar seinare så ringte telefonen att – og det var ikkje tvil i kven det var;

 

– Kor er du Ivar?

– Heime, sa eg, som sant var. Kor er de?

– No passerar me Bullahuset! Gjer deg klar!

 

Eg fann ut at det var kanskje best å kjøra opp til bana sjølv, for kanskje kom det fleire på visning denne kvelden. Eg satte meg i bilen å kjørte opp mot bana. Når eg var komme i Lonevågen ringte da igjen :

 

– Kor er du? ”Me passerer lonå”

 

Då eg svarte at eg var allerede på bana vart det stor jubel

 

Sjølvsagt stod eg klar når minibussen kom ”hompande” inn mot bana Alle var sjøvsagt ønskt velkommen med handhelsing og stemninga var meget god. Men eg var fortsatt ikkje trygg på at denne visninga kom til å føra til salg

 

-Kor er det området som me skal sjå på? No var det John Drange som viste størst iver. Han forklarte at dei var ei investorgruppe fra Valestrand som var interessert i kjøpa seg inni dette lovande prosjektet og at han var spent på å få sjå områda.

 

Me starta omvisning i det nord østlige området. Eg viste vei og eg hørde på dei at no var dei spente. Stod området til forventningane? Etter ei lita stund var me framme og eg viste dei den kvite sidelinja og dødlinja. Eg forklarte dei kor me hadde tenkt at halvsirkelen skulle merkast inn  – då stod jubelen i taket.

-Dette ser fantastisk bra ut !!! Ser resten like bra ut så er dette verkeleg et område som kan vera interessant.  Vis oss resten!!”

 

No vart eg litt meir optimistisk og prisen hadde me endå ikkje vorte enige om. Det vart ein ny spasertur på ca 50 meter der neste parsell ligg. (Dette er den like nedanfor huset til Svein Lone for dei som er kjente) I løpet av 5 minutt var me framme. Investorgruppa fordelte seg i grupper og diskuterte korleis dei skulle angripa vidare framdrift.

 

Området i nord vest vart godkjent, men no skulle dei også ha egne flagg på kvar parsell. Ikkje da at dei skulle ha flagg, men det skulle stå VGG på kvart flagg. Eg sa til dei at dette må eg tenkja på

Når me så tok fatt på den lange etappen mot området i sørvest, dette er ein distanse på over 100 meter, men godt merka med kvit stripe heile veien.

 

For at ikkje historia skal verta for lang så vart dette området også godkjent. Diskusjonen vidare gjekk på kven som skulle ta kostnadane ved oppmåling. Ove Håland meinte at dette måtte selgjar ta og at dei skulle ha samme bruksnummer på alle felta. Han hang som ein ”klegg” rundt meg heile veien til det siste området. Men eg var krystallklar i at denne kostnad fekk kjøpar ta.

 

Den siste parsellen var ikkje fullt så flat som dei andre, men etter litt finmåling viste seg at den kvadraten som dei var interessert i var ok.

 

Det vart litt diskusjon i gruppa angåande rett pris og om prisnåvået så langt ute i distriktet kunne samanliknast med prisane på Valestrand. Til slutt tok kasserar Kåre Bognøy ordet og skar igjennom;

-Me tar da! Me betalar x kroner for alle 4 parsellane. (Me vart enige om at totalsummen skulle me ikkje gå ut med)

 

Som tillegsavtale ville også VGG sørga for at kvar parsell fekk flaggstang og flagg med VGG. Dette skulle dei ta alle kostnader med og flaggstengene skulle dei setja opp på dugnad. VGG kunne tilslutt opplysa at dei såg ikkje på dette som berre ei investering i eigedom, men ein ”gest” for det flotte arbeidet som fotballgruppa til Osterøy gjer med talentutvikling og lokal profil. Dette varma sjølvsagt formann i fotballgruppa, skryt fra dei på Valestrand + klingande mynt i kassen. Det er ikkje kvar dag det skjer.

 

Formann i fotballgruppa til OIL vil takka alle i Valestrand Glade Gutter for at dei kom på visning og at dette førte til ein handel.

 

For alle dei som enda ikkje har kjøpt andelar i kunstgrasbana så kan formann opplysa om at det er mange fine parsellar igjen (dei beste er fortsatt ikkje selt. Det er berre til å ta kontakt med Ivar, så kan de komma på visning. (kan opplysa om at det også er mulig å få visning på dagtid)