Siger i Osterøyserien

I det iskalde haustveret søndag 26. oktober kom endeleg sigeren som me har venta på i heile år!

 

Denne dagen skulle 4 kampar spelast og det var allereie i første kampen sigeren kom, her møtte gutane våre Hausvik og etter eit flott kjemping og mykje flott spel  endte kampen med 4-2 siger. Mange fornøgde ungar og foreldre her.

Andre kampen var det jentene sin tur og her møtte dei som vanlig eit sterkt Hausvik jentelag som endå er litt for sterke for våre jenter. Me må verta litt tøffare framfor mål til neste år, så tar me dei nok. Resultatet vart 7-0 til Hausvik.

Dei 2 siste kampane var mot Valestrand/Hjellvik og her vart det knepne tap med 3-1 og 2-1. Var mange som gledde seg til å komma heim og varma seg etter til dels mange regn- og haglbyger.

Me takkar for ein flott sesong og gler oss allereie til neste sesong, har vore mange som har delteke på treningane og me håpar på eit like flott oppmøte til neste år.

Jonatan og Herman i fint driv.

Litt ”peptalk” i pausen, Herman, Morten, Snorre og Stian

 

 

Stian klar for jobben som keeper


Herman gjer alt, Andreas på vei for å hjelpa til.

Snorre samlar krefter i pausen

Ingenting å seia på innsatsen og iveren til jentene. Maria, Tiril (keeper), Julie, Nora og Margarita.

Julie tar frispark, full innsats!

Så var det tid å takka for kampen, Even, Nora, Snorre, Jonatan og Morten.