Kunstgraset kjem på onsdag

Baneprosjektet i Fugledalen går mot slutten. Eivind Solberg melder no om at ein skal byrja å legga kunstgrasdekket no førstkommande onsdag.

– Det stemmer, seier Eivind Solberg. -Leggjinga tek til onsdag morgon, og me reknar med å vere ferdige i løpet av laurdagen. Ventetida ser dermed ut å gå mot slutten, smiler eldsjela.

-Men eg treng folk! er han snøgg med å leggja til. – Alle som kan vera med å hjelpa til må ta kontakt med meg. Me er nødt til å ha ein gjeng klar til onsdag. Så finn fram dugnadsånden og trø til no i innspurten, oppmodar Solberg.

Eivind Solberg treff ein på telefon: 950 38 314