Duka for nytt storoppgjer

Det er duka for nok eit toppoppgjer på det innbydane, grøne teppet på Hatland kommande fredag.  Denne gong er det Søre Neset som kjem på vitjing, fast bestemt på å stikka kjeppar i hjula for Vidar Rosnes sine menn.

 

-Kvar kamp vert ein cup-finale for oss framover. Om mulig vert oppgjera mot dei som er nærast oss på tabellen endå  viktigare enn dèt òg, smiler Osterøy-trenaren etter ei god treningsøkt måndag kveld. – Søre Neset ligg poenget framfor oss på tabellen, men med siger her og mot Fusa på onsdag har me fem poeng ned til tredjeplassen, seier Rosnes. -To lag rykkjer som kjent opp og det hadde vore gull verdt å fått til ei luke til laga bak oss.

 

Vann våroppgjeret

Då laga møttest i vår vann Osterøy komfortabelt. – Eg har høyrt dei har fått eit par forsterkingar. Me har sjølv mista eit par. Det blir med andre ord ein vanskeleg kamp, seier Rosnes. – Eg har likevel god tru på at stallen vår ei breid og god nok til å få til eit godt resultat mot dette laget. Kor godt det går står att å sjå. Me har ikkje avgitt meir enn fire poeng på Hatland i år, så vonleg blir det siger, smiler han.

 

Nye, gamle fjes

Ellers kan Osterøy-trenaren melda om at han i tillegg til Torbjørn Hovden no har fått Martin Bysheim heim att frå Hausvik. – Det stemmer at Martin er tilbake. Det samme er Aleksander Hatland. Begge skal vera klar til dyst mot Søre Neset. Om dei får speletid allereie til helga veit eg ikkje, men dei er gode tillegg i ein allereie brei og god stall. Me får garantert bruk for dei utover hausten.

 

Rosnes avsluttar med å oppmoda alle øyningar som likar fotball med nerve å stilla på Hatland på fredag. – Me har ikkje spelt så viktige kampar på Hatland, som me gjer no om dagen, på årevis. Møt opp og hjelp oss i jakta på opprykk!

Kampen startar kl 18.30.