God start på hausten

Etter siger mot Kjøkkelvik, uavgjort mot Øystese og no siger mot Apollo i helga, må det kunne seiast at Osterøy har hatt ein god start på haustsesongen. Målsetjinga for årets sesong står fortsatt ved lag når det no dreg seg til i 5. divisjon avd 1.

I SIGET: To mål på dei tre siste kampane for Eirik Øvsthus, sender han opp i ryggen på spissparet Ørjan og Thomas på skåringslista.

-Eg ventar framleis på at me skal ta ut vårt fulle potensial, seier Vidar Rosnes. – I heimeoppgjeret mot Øystese var me bra i periodar, men katastrofale store delar av 2. omgang.  Måten me gir vekk initiativet i kampen på – og to enkle mål – er ikkje godt nok. Heldigvis klarar me å utligne mot slutten. Alt i alt eit resultat me må vera nøgd med. Vinn me hengekampen mot Fusa er me i førarsete i forhold til Øystese, fortset Rosnes

 

Knokkelkamp

Fredag reiste Osterøy til Askøy  for å ta tre nye poeng mot Apollo. Det klarte dei, men det vart ei tøff batalje. –Me fekk ein i trynet i første omgang før me vakna. Eg såg tidleg at dette ville bli ein knokkelkamp og sette derfor inn Kristian Daltveit allereie før kvilda. Han bidrog sterkt til at me klarte å snu kampen. Han tapte knapt ein einaste duell og satte sjølv inn 2-1 målet etter at Ørjan Bysheim hadde utlikna. Ein stor kamp av midtbaneterrieren, skryt Rosnes. Eirik Øvsthus hamra spikaren i kista med si 3-1 skåring i 2. omgang. –Eirik er no oppe i sju mål. Berre Thomas (8) og Ørjan (9) har skåra meir. Det lovar bra for sesongen vidare.

 

Trio i tet              

Det vart på ein måte ei skjebnehelg. Resultatet i denne runden gjer at det no byrjar skille seg ut ein tet-trio. – Øystese hekta av Solid ved å slå dei 3-0, Kjøkkelvik bremsa opp Nordnes med siger 3-2. Einaste som ikkje gjekk vår veg var at Strandebarm tapte mot Søre Neset. Med uavgjort i denne kampen hadde me – med siger mot Fusa – rykka frå i toppen av tabellen, seier Rosnes. – I stadenfor ein tetduo, fekk me ein tettrio. Men det ordnar seg til helga. Då kjem Søre Neset på besøk på Hatland. Med siger her og i Fusa neste onsdag kan me få ei luke i ned til 3. plassen. Det hadde vore stas, avsluttar Rosnes