Vann på ein dårleg dag

Det vart siger, 4-3,  på Hatland i haustsesongens første kamp mot Kjøkkelvik onsdag, men gjestane kunne fort fått med seg poeng. Osterøy-forsvaret var til tider rufsete og inviterte Kjøkkelvik inn att i kampen etter ein komfortabel 4-1 leiing.

– Godt med 3 poeng, men me presterer ikkje godt nok i denne kampen. Me er tidvis gode, men me gjer for mange feil defensivt og gir vekk 3 mål. Skal me ha ambisjonar om opprykk er ikkje dette godt nok, seier Vidar Rosnes. – Offensivt fungerer det heller ikkje heilt som det skal. Me slår mange feilpasningar og slurvar. Det positive er at me no er i gang med kampar att etter ferien – og at me tok alle poenga. Øystese ventar allereie laurdag. Me må opp fleire nivå for å få med oss poeng i det oppgjeret, sluttar han.

Verst tenkeleg start
Osterøy fekk ingen god start på oppgjeret onsdag. Etter berre fire minuttar av kampen går ein Kjøkkelvik-spelar over ende inne i heimelaget sin 16-meter. Dommaren kan ikkje anna gjera enn å peika på krittmerket. Keeper Einar Gjerstad er ikkje i nærleiken på straffen og det står 0-1.

Kjøkkelvik best
Osterøy slit etter dette med å etablere eige spel, og Kjøkkelvik får spela den fotballen dei ønsker. Ikkje før halvtimen er spela byrjar heimelaget å vakne. Ole Morten Tysse raidar på høgrekanten og finn Eirik Øvsthus inne framfor mål. Utlikning og håp for heimesupportarane.

Osterøy får no blod på tann og tek over litt av banespelet. Det ser ut som om Kjøkkelvikspelarane har sprunge av seg litt, og heimelaget produserer fleire halvsjangsar.

Fem minuttar før kvilen er det Ronny Hansen som ragar høgast på eit (noko strengt dømt) frispark frå Kim Solberg og Osterøy går til pause med 2-1 leiing.

Thomas vaknar
Etter pause ser det ei stund ut som om Osterøy har funne formen. Laget spelar seg til moglegheiter, men kjem ikkje til alt for farlege avslutningar. Så vaknar Thomas "Turbo" Langeland for alvor. Etter at han har spurta rundt i nesten ein time, får han endeleg gjennombrotspaninga han har venta på. Thomas spring lett i frå Kjøkkelvikforsvaret, forbi keeper og set ballen i mål frå kort hald. 3-1 og jubel på tribuna.

Berre tre minuttar seinare er det klart for 4-1. Corner frå venstre vert stussa bakover i feltet, og ballen finn etterkvart vegen i beina til Thomas Langeland. Han klinkar til frå skrått hald. Ballen fyk i nota og no snakkar alle berre om kor stor sigeren kom til å bli.

Kjøkkelvik orka mest
I staden for Osterøy-dominans tek gjestane over kommandoen i kampen. Spelarane som såg trøtte ut før kvilda ser no ut til å orka meir og kjempar seg inn att i kampen. Riktignok med litt hjelp av eit rufsete heimeforsvar.

Først rotar ein det til for seg, slik at Einar Gjerstad til slutt må legga ein Kjøkkelvik-angripar i bakken. Gult kort til Osterøykeeperen og straffe til Kjøkkelvik. Igjen skårar dei sikkert frå 11 meter.Ti minuttar etter; meir klabb og babb utanfor Osterøy sin 16-meter og dermed står det 4-3. No snakkar folk om dette kjem til å halde heilt inn.

Heldigvis gjer det det denne gongen. Kampen endar 4-3 til heimelaget som har ein veg å gå fram mot laurdagens storoppgjer på Hatland. Skal opprykket sikrast må prestasjonane bli betre enn det som vart vist i går.