Fram og tilbake – dobbelt så langt

Det vert likevel kamp mot Kjøkkelvik på onsdag. Etter ein del fram og tilbake og hektisk telefonverksemd landa ein til slutt på avgjerda om å la kampen gå av stabelen som fastsett.

Dermed blir det avvikla to heimekampar på Hatland denne veka. Først kjem Kjøkkelvik på vitjing i morgon, før serieleiar Øystese ventar på laurdag.
Høgdepunkta står dermed i kø.

Avsapark i morgon er kl 19.00, medan toppkampen laurdag går av stabelen kl 15.00. (Sjå annonser i Bn)

Møt opp å hjelp Osterøy mot 4 divisjon

P.S.: Den utsatte kampen mot Fusa er flytta til 10. september kl 19.00.

Aktivitetar

Håndball-søndag
Osterøyhallen
26 nov
HaFo 2024
Osterøyhallen
29 nov
Ribbecup 2023
Osterøyhallen
30 nov