Rokkeringar i kampprogrammet

Seint forfall frå dommar gjorde at bortekampen mot Fusa, som skulle hatt avspark kl 15.00 lørdag, vart utsett på ubestemt tid. Samstundes gjer banesituasjonen på Hatland det slik at fleire rokkeringar kan bli naudsynt.

– Dommaren ringte fredag ettermiddag til lagleiinga i Fusa og melde forfall. Liiiiiiiitt i seinaste laget etter vår oppfatning, seier trenar Vidar Rosnes. – Iherdige forsøk, frå Fusa og oss sjølv, på å finna alternativ pipeblåsar vart resultatlaust, dermed måtte kampen avlysast.

Kampprogrammet utover hausten er travelt, så avlysinga skapar hovudbry for Osterøytrenaren. -Det er vel i praksis berre eit par datoar det er aktuelt å flytte kampen til, så me får sjå kva som skjer, seier Rosnes. – Det me prøver på no er å flytta heimekampen mot Kjøkkelvik onsdag til 10. spetember, så reiser me til Fusa på onsdag og tek i mot Øystese på laurdag. På den måten får grasbana på Hatland ei trivelegare veke, samstundes som me kjem i gong med haustsesongen. Viktig at me kjem i kampsituasjon snøggast råd, avsluttar Rosnes.

Om opplegget går i orden vert ikkje bekrafta før seint i kveld.