Tre ut – ein opp

To sentrale Osterøy-spelarar har i løpet av sommaren forsvunne ut porten på Hatland og ein er ute med langtidsskade.  Ingen har komen motsatt veg. Dette endrar likevel ikkje målsetjinga for inneverande sesong. Osterøy skal opp i 4. divisjon.

Spelarane det er snakk om er Joachim Borge Solberg ig Øyvind Tysse, som har gått høvesvis til Hovding og Fotlandsvåg i løpet av sommarkvilen. I tillegg er Tommy Kårdal tvungen til å ta ein pause frå fotballen grunna ein keisam ankelskade. Trenar Vidar Rosnes synest det er leit å mista spelarar midt i ein så viktig sesong som denne, men ser ingen grunn til å endra målsetjinga om opprykk.

Sentrale spelarar
-Det er klart at me helst såg at dei vart verande hjå oss, men slik er det av og til, seier trenar Vidar Rosnes. – Me ynskjer dei lukke til i sine nye klubbar, og dei er velkomne attende når som helst, smiler Osterøy-trenaren. Det herskar ingen tvil om det er sentrale brikker som no manglar i A-stallen. Joachim B. Solberg har gjort ein god vårsesong på venstresida. Øyvind Tysse fekk store delar av vårsesongen spolert av skadar, men rakk likevel å skåre 3 mål og er med sin oppofrande spelestil og avsluttareigenskapar ein målgaranstist. Tommy Kårdal viste svært lovande takter i sesongoppkjøringa, men skadar heldt han utanfor spel nesten heile våren. Rosnes vil likevel ikkje justere målsetjinga. – Nei, det ser eg ingen grunn til. Sjølv om dette var sentrale brikker trur eg likevel me er gode nok til å dra opprykket i land, seier han. – Bredden i stallen er nok svekka, men me er kapable til å stable eit mannskap på beina som er gode nok til opprykk. Me vil i alle fall ikkje hente inn nokre spelarar. Det er ingen tilgjengelege pr. dato som er gode nok til å heva oss – då er det utelukka.

Ungt blod
For å få fleire alternativ framover hentar Osterøy-trenaren opp yngre krefter. – Øyvind Tønjum har allereie vore mykje med oss. Han vil no truleg få fleire oppgåver og meir speletid. Me hentar òg opp unge Torbjørn Hovden. Han har vist lovande takter på trening og var svært god i ein treningskamp mot VHFK i førre veke. Han blir eit godt alternativ på venstrekanten, seier Rosnes. – Ellers kan me gjere rokkeringar i forsvar og sende Martin Dyvik lenger fram på bana. Den defensive delen av stallen er intakt – og brei. Omrokkeringar her svekker oss ikkje bakover og kan gi oss fleire alternativ framover, fortset han. – Derfor står målet om opprykk ved lag.

Alvoret startar laurdag
Ein indikasjon på om Osterøy-trenaren har rett i dette får me allereie laurdag. Då går nemleg turen til Fusa for haustens første kamp. -Øystese og Strandebarm tapte begge i helga. Med eit godt resultat mot Fusa jevnar det seg ut i toppen, seier Rosnes. -Allereie veka etter vitjar Øystese på Hatland – om bana er klar. Det ligg med andre ord an til ein intens start på hausten for oss. Men det er slik me likar det, avsluttar han.

Osteroyil.no ynskjer Joachim, Øyvind og Tommy lukke til – og velkommen attende.

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai