Framleis stengt grasbane

 

Grasbana på Osterøy stadion vart fullstendig renovert i veke 27. Då vart heile toppen (om lag 3-4 cm) frest av og bana er no tilbake slik den var som heilt ny. Grunnen til denne operasjonen var opphoping av organisk materiale i toppdekket og meir og meir feile grassortar som dominerte. Og etter synfaring og råd var beste løysing å fjerna heile øvste vekstlaget.

Firmaet TMG Sportsdekke frå Vestfold, som driv med dette på heiltid, stod for jobben og den har vorte utført på ein svært tilfredsstillande måte.

Til neste år skal bana vera 100% att, men planen er å ta den i forsiktig bruk att utover hausten. Den største utfordringa no er å få utvikla rotsystemet skikkeleg og difor treng bana fred enno ei tid framover. Sjølv om bana mange stader er vorten tett og fin, finst det også fleire slike felt som på biletet under.

Difor ber ein om forståing for at ingen må nytta grasbana til nokon form for aktivitet før det vert gitt løyve til dette.

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai