Første fotballkampen til Osterøy sine 6- og 7-åringar
Onsdag var det endelig kamp på ordentlig, dette hadde spelarane våre trent på, så spenningen var stor både blant spelarar og foreldre/besteforeldre/tanter og onklar på sidelinja.
Motstandar var Haus, som har trent ein sesong lengre enn våre spelarar. Sidan Haus hadde nok jenter til å laga eit jentelag, vart spelarane delte inn i jente- og gutelag. Gutane starta showet og hang ganske godt med, men dei måtte til slutt gje tapt for Hausspelarar som hadde trent meir på å skyta på mål. Stillinga vart 9-3 til Haus, men flott innsats av gutane til Osterøy og veldig kjekt med 3 flotte mål!
Osterøyjentene var også spente framfor sin første kamp, dei kjempa hardt, men her viste Hausjentene at dei hadde ein del meir trening å visa til, så resultatet vart 18-0 til Haus, men våre jenter kjem nok sterkare tilbake berre dei får trent litt meir. Fin innsats av alle Osterøyspelarane, neste gong satsar me på å scora mål sjølv også!
Osterøy 2001 Jenter; bak f.v. Ingvild, Margarita, Amalie og Benedikte.
Framme f.v.; Nora, Madelen, Tiril og Martine.
Trenar Johnny legg taktikken ilag med spelarane.
Full innsats av begge lag!
Alltid viktig å takka for kampen.
Trenarane Reidar og Johnny fortel jentene at dei berre må gå på og prøva å skyta mål.
Osterøy 2001 Gutar; bak f.v. Even V, Herman, Even F, Morten, Eirik, Daniel og Jan Morten.
Framme f.v.; Snorre, Bendik, Vetle, Andreas og Stian. Keeper var Jonathan.