Bortemøte mot Solid

Førstkomandet laurdag set Osterøy kursen mot Stord og bortemøtet mot IL Solid. Osterøy må i dette oppgjeret klara seg utan m.a Ronny Hansen, så det ligg an til å bli eit tøft oppgjer mot tabelltoaren frå Sommarøya.

Solid har vunne tre strake kampar no, og er fulle av sjølvtillit før kampen mot Vidar Rosnes sine gutar laurdag. Sjølv er Rosnes sikker på at Osterøy kan karra med seg poeng mot raudtrøyene. – Me er inne i ein god periode sjølv no, seier Rosnes og viser til den overtydane innsatsen mot Søre Neste forrige helg. – Då var me gode, fekk ballen til å gå og spelte god fotball. Sånn sett trur eg tidspunktet for kampen mot Solid passar oss bra. Me skal gjera det me kan for å bryta deira seiersrekkje – og forlenga vår eigen, sluttar han

Som nevnt må Osterøy klara seg utan Ronny Hansen denne kampen. I tillegg er Andreas Kollvangsnes framleis ute med brudd i handa. Stein Erik Kollvangsnes er usikker etter at han pådrog seg ein nakkeskade i tv-stolen måndag. Øyvind Tysse og Ole Morten Tysse er venta attende etter ankelskadar og det er endeleg duka for debut for midtbanemotor Eirik Øvsthus.