Vann på ein dårleg dag

Poenga var nok det som varma mest i nordavinden på Hatland i går kveld. Osterøy spelte nemleg ingen stor kamp då sesongens første tre-poengar var eit faktum. Eit hardt kjempande Fusa produserte like mange farlege situasjonar som heimelaget, og kunne med litt flaks fått med seg eit poeng og tre heim att denne kvelden.

 

AVGJER: Thomas Langeland kjem inn på bakerste og ekspederer ballen kontant i mål etter at Fusa-keeperen feilbreknar ein dødball frå venstre.

-Eg er nøgd med att me vinn og får 3 sårt tiltrengde poeng, seier trenar Vidar Rosnes etter kampen. – Eg er ikkje nøgd med spelemessige prestasjonar i dag. Det virka som me ikkje ville nok. Fusa vann nesten alle duellar, og viste større større vinnarvilje enn oss – spesielt i første omgang, fortsett han.

 

Kontringsmål

Fusa starta nemleg kampen best, og pressa med sine lange oppspel Osterøy lang inn på eigen banehalvleik – utan å skape for mange sjangsar. Etterkvart opna dette for hurtige Ostringar som Øyvind Tysse og Thomas Langeland. Etter drøye 20 minuttar kontrar Osterøy og det er Øyvind Tysse som får æra av å skåra det første målet på Hatland i år. Han dreg seg fri ute til venstre og klinkar ballen i nota i lengste hjørnet. Ein kunne nesten sjå kiloane letta frå unge Tysse sine skuldre.

 

Ikkje lenge etter er det spisskollega Thomas Langeland sin tur. Igjen er det ei kontring. Igjen er det på kanten – denne gong til høgre. Og igjen er det eit langskot. Nydeleg utført av toppskåraren.

 

Skademareritt

Med to-målsleiing etter 25 minuttar ser det meste ut til å gå på skinner for Osterøy. Slik vert det ikkje. Først er det midtstoppar Andreas Kollvangsnes som ryk ut etter ein duell i eigen 16 meter etter vel 25 minuttar. Ikkje lenge etter er det målskårar Tysse som tek telling og må gå ut. Dette er ikkje gode nyhende for Osterøy som allereie har stoppar-bauta Ronny Hansen og Ole Morten Tysse på skadelista.  Kristian Daltveit og Øyvind Tønjum kjem inn for dei to ulukkesfuglane.

 

Til pause klarar Fusa å utlikne forspranget, og då laga rusla av bana var ein tilbake til utgangspunktet.


TILBAKE ETTER SKADE
: Ørjan Bysheim var tilbake etter skade og spelte seg meir og meir inn i kampen mot Fusa. Det vart ikkje mål på fjoråets toppskårar denne kampen, men måla vil nok komma for veteranen.

Kjeft i pausen

Osterøy spelarane får det glatte lag av trenar Rosnes i pausen, uten at ein ser umiddelbar effekt av dette når andre omgang vert sparka i gang. Sjølv med sola og vinden i ryggen slit Osterøy med å ta kontroll på oppgjeret. Det vert spela mykje langt, og rommet framfor den bakre firaren til gjestane vert ikkje nytta godt nok. Det kjem seg litt utover i omgangen og ein småskada Ørjan Bysheim får fyrt av nokre varselskot frå distanse, utan at dette skapte for mykje hovudbry for Fusa-keeperen.

 

Sein avgjerd

Når kampen dreg seg mot slutten dreg òg Osterøy det lengste strået. Ein dødball frå venstre vert feilberekna av gjestane sin keeper. Thomas Langeland dukkar opp som avtalt på bakerste og klinkar ballen i tverrligar og inn. Lettelse og jubel frå målskårar, trenar og dei frammøtte tilskodarane på Hatland.

 

Dei siste 10 minuttane blir ein kamp for tilveret for Osterøy som dreg det heile i land til slutt. Ein viktig siger for Vidar Rosnes sitt unge mannskap. – Ja dette var viktig, seier Rosnes. No er me i gong, men prestasjonane må hevast om poengfangsten skal ta av framover. Opprykk er framleis målet. Me må berre byrja spela som eit 4. divisjonslag, sluttar han.