Osterøyserien Jenter/Gutar 8 år

Totalt 20 spelarar fordelt på tre lag , reiste til Fotlandsvåg, onsdag 7/5, for å spela årets første kampar i Osterøyserien.

KAMP 1: Fotlandsvåg – Osterøy Raud

Fotlandsvåg stilte med blanda tropp av 7 og 8 åringer. Vårt lag med Ingrid, Krister, Simen, Nathalie, Magnus V., Bjørn Sindre og Steffen.

Det viste at treninga gjennom vinteren har bidratt til ballkontroll og godt samspel. Målvaktane haldt nesten nullen, og i andre enden av bana vart det mange mål.

Innsatsen var svært god av heile laget, og mange kom på scoringslista.Steffen scora så mange mål at sjølv Ronaldo har grunn til å vera misunnelig….


KAMP 2: Osterøy Grøn – Osterøy Gul

Dette var ein kamp mellom to Osterøylag.Martin,Nadia,Jørgen,Mia,Aleksander og Matias på Osterøy Gul. Jonas,Magnus G., Mathias, Andreas, Yngve, Besnik og Dorthea på Osterøy Grøn.

Som trenarane hadde håpa på, vart det ein jevn og innsatsfull kamp.Osterøy Gul begynte kampen best og scora to mål før Osterøy Grøn begynte å utligna.Etter to jevne omgonger , og totalt ca 10 mål, var trenarane usikre på kven som tilslutt hadde scora flest mål.


KAMP 3: Fotlandsvåg – Osterøy Gul

Dette var ein svært sjanserik kamp.Tross at innsatsen og prestasjonane var meget gode, var dette ein kamp der marginane for Osterøy heile tida butta  litt imot. Fleire stongskudd, gode redningar av Fotlandsvåg keeperen, og endå mange nesten sjanser gjorde at kampen var svært underhaldande å sjå på. Med alle sjansane vart det og ein del mål, bl.a. etter scoring frå Martin (som sprang meir enn nokon andre på Fotlandsvåg stadion denne kvelden) Fotlandsvåg hadde og sine sjanser, og brukte dei godt, og scora nok like mange mål som oss.


I det fine veret, og etter den gode innsatsen som var denne kvelden, var nok både spelarar, foreldre og trenarar enige om at dette hadde vore ein fin kveld.

 

Mats Elvik (trenaransvarlig)