Bli med A-laget til Øystese

Laurdag spelar Osterøy ein av sine vanskelegaste kampar denne sesongen; borte mot Øystese. Det vert sett opp buss til turen slik at det blir høve for dei som er interessert å følgja med innover i Hardanger

– Kampen har avspark kl. 15.00. Avreise vert frå klubbhuset kl 12.30, seier trenar Vidar Rosnes. – Dette er ein av dei vanskelegaste kampane for oss denne sesongen, så det hadde vore stas med tilreisande fans frå Øyne, fortset han.

Buss tur/retur Øystese vil ikkje gjera større innhogg i lommeboka enn ein hundre-lapp.
Ver med og løft laget til nye høgdar!

Me snakkast laurdag kl. 12.30

Aktivitetar

HTB Valestrandsmarka Rundt 1. løp
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr
HTB Valestrandsmarka Rundt 2. løp
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl. 18.45 og 19.00
24 Apr