Opna med uavgjort

Osterøy spelte uavgjort 1-1 borte mot Kjøkkelvik seint søndag kveld. Osterøy dominerte sjansestatistikken stort og laget frå Bergen Vest var heldige som fekk med seg eit poeng frå oppgjeret.

-Dette er ein kamp me skal – og bør – vinna , seier Vidar Rosnes etter kampen. –Me hadde kontroll på kampen heile vegen. Dei spelar seg ikkje til ein einaste sjanse – dei skårar etter personlege feil i vår bakre rekkje. Det hjelper lite når me ikkje omset våre sjansar i teljande resultat.

 

Startar best

For Osterøy hadde sjangsar. Etter eit drøyt kvarter kjem Ørjan Bysheim seg fri ute på høgre kanten. Innlegget finn Øyvind Tysse på bakerste stolpe, men Tysse headar like utanfor. Berre 10 minuttar etter er Øyvind Tysse igjen på farten. Denne gongen er det Thomas Langeland som er servitør. Eit høgt innlegg frå høgre plukkar ut Tysse – igjen på bakerste. Tysse knallar til på volley, men keeper parerer og reddar framfor beina på Ronny Hansen, som hadde teke turen opp på dødball.

 

I denne perioden pressa Osterøy Kjøkkelvik kraftig bakover på bana, og ein corner frå venstre er nær ved å gi skåring. Igjen er det Tysse. Igjen reddar keeper.

 

Kjøkkelvik tar leiing

I frå corneren set Kjøkkelvik i gang eit raskt angrep. Osterøy er ute av balanse, men ser ut til å få nok folk med seg heim til å avverge farlegheitar. Synet bedrar. Etter litt klabb og babb på seksten meteren får Kjøkkelvik-spissen avslutta. Ein god Einar Gjerstad i Osterøymålet avvergar, men kan ingenting gjere med returen. Det står 1-0 til heimelaget.

 

Tar over

Osterøy ristar av seg den verste skuffelsen og går på att med krum hals. Eit kort frispark frå Stein Erik Kollvangsnes berre minuttar etter skåringa, spelar fri Thomas Langeland på høgrekanten. Han går innover i bana, drar seg fri frå eit par mann og knallar til frå 18-20 meter. Ballen duppar mot lengste hjørne, men dessverre for Thomas og Osterøy går ballen utanfor.

 

Minuttet etter er Osterøy på farten att. Thomas Langeland bryt Kjøkkelvik i si oppbygging på midten. Han set Ørjan Bysheim og Øyvind Tysse i gong – åleine mot ein einsam Kjøkkelvik-forsvarar. Ballen havnar til slutt hos Tysse, men avslutninga blir for dårleg. Keeper avvergar og resultatet held seg dermed til pause.

 

Utlikning og rødt kort

Osterøy kjem best i gong etter kvilda, og dominerer dei første 10-15 minuttane av omgangen stort. Dettee presser fører til slutt til ein corner frå venstre. Kim Solberg – som ellers gjorde ein solid innsats sentralt hos Osterøy – plukkar ut Øyvind Tysse på første stolpe. Endeleg løsnar det for Tysse, som flikkar ballen i mål med hælen på utsøkt vis. Ei nydelig utlikning til 1-1.

 

Samme Tysse står igjen i sentrum berre ti minuttar seinare. Han får ballen litt for langt framfor seg etter ein duell og kastar seg etter ballen for å få kontroll. Noko han gjer. Dommaren meiner på si side at dette utgjorde ein fare for Kjøkkelvik-spelaren som var på veg inni situasjonen – ein meter bortanfor. Tysse får dermed sjå det gule kortet for andre gong denne kvelden og vert sendt av bana. Ei tøysete avgjerd av dommaren.

 

Held presset

Med ein mann mindre på bana held likevel Osterøy initiativet i kampen, utan å spele seg til alt for store sjangsar. Nokre avslutningar frå distanse, som aldri blir virkelig farleg.  Trøytte Kjøkkelvik-spelarar klarar dermed å halde unna, og kampen ebbar ut med uavgjort resultat.  – Me var betre trent enn dei, og burde ha høvla over dei, seier kaptein Kim Solberg etter dommaren bles av kampen. – Me kom for å ta tre poeng, men klarer berre eit. Skuffelsen er stor, avsluttar han på veg i garderoben.   

 

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Stein Erik Kollvangsnes (Ole Morten Tysse 80. min), Andreas Kollvangsnes, Ronny Hansen, Martin Dyvik, Thomas Langeland, Kristian Daltveit (Øyvind Øvsthus 65. min), Kim Solberg, Joachim Borge Solberg, Ørjan Bysheim og Øyvind Tysse. Ubenytta reserve: Øyvind Tønjum, Tommy Kårdal, Heine Solberg.