Ein spanande dag!

Måndag kom endelig dagen for mange 6 og 7 åringar: den ALLER første fotballtreninga. Frammøte var overveldande. Trenarane Johnny Solberg og Reidar Skistad kunne tella til heile 19 håpefulle på kunstgras-flekken ved ungdomsskulen.

 

Etter mylderet å dømma var det nok nokon som vakna denne morgonen og utbraut; ”I dag har endelig den store dagen komen”! Treningsiveren og  spelegleda låg nemleg tjukk utanpå dei blide bornefjesa.

Som trenarar er dei heldige og har fått dei rutinerte trenarane Reidar Skistad og Johnny Solberg. Trenarduoen har tidligare trent opptil fleire av mødrene til dei håpefulle – og dei kunne garantera for duoen sin rutine og fotballkunnskap. No ligg mykje godt arbeid framfor dei når ein stor ungeflokk skal læra seg å sentra, skyta, nikka og alt det andre som høyrer sporten til.

Både trenarar, foreldre og spelarar gler seg til fortsettelsen! Det gjer osteroyil.no som ynskjer lukke til med gryande fotballkarrierer.