Osterøy ned på jorda att

Etter ein god prestasjon mot Eidsvåg forrige onsdag, kom kvardagen att. Og det på ein søndag. Osterøy klarte ikkje å halda oppe nivået då NHH var gjestar på Furubakken i helga. Økonomane frå Bergen sette Vidar Rosnes sitt mannskap til veggs med 5-2 siger.

– Det var klasseforskjell på laga dei første 25 minuttane av fyrste omgang, seier Rosnes. -Me er alt for passive i vårt defensive spel og vert springande mykje mellom. Når me endeleg vinn ballen makta me berre å slå langt mot Øyvind og Ørjan på topp. Oppspela vart brotne før midtbana rakk å komma etter, og me fekk dei rett i ”trynet” att, forvilar trenaren.

 

Omgangen gjevnar seg ut at etter dette, men det hindrar ikkje fotrappe bergenserar – frå heile Noreg – å gå til pause med 2-0 leiing. Det einaste å skriva heim om for Osterøy si rekning er at Ørjan Bysheim brenn ein hundre prosent sjangse åleine med gjestane sin keeper.

 

Andre omgang svinga litt att og fram. Osterøy fekk fleire brot og klarte å spele meir langs bakken. Dette resulterer òg i redusering ved Joachim Borge Solberg etter eit nydeleg angrep. Etter dette dett heimelaget nedpå att defensivt, og NHH kan ta over att. Einar Gjerstad må henta ballen ut at to gonger til før Kim Solberg avsluttar eit fint angrep med eit skot frå 18 meter. Ballen finn vegen i nettmaskene og stillinga er 2-4.

 

-No er det me skal setja inn sluttspurten, men lukkast ikkje. I staden er det NHH som pungterer kampen med si 5. Skåring for dagen, seier Rosnes som meiner dette var eit steg tilbake i forhold til prestasjonane i midtveka. –Me var betre enn mot Voss 2, men ikkje i nærleiken av nivået eg forventar. No skal det seiast at NHH mønstra eit sterkt mannskap, og eg blir overraska om dei ikkje kjempar i toppen av si avdeling når sesongen går mot slutten. Vår utfordring blir i mellomtida å gå inn i kvar kamp med den innstillinga med hadde mot Eidsvåg, avsluttar Rosnes.

 

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Eirik Hella (Ole Morten Tysse 20 min (Steffen Gjøstein 70 min)) Andreas Kollvangsnes, Remi Markussen, Martin Dyvik, Thomas Langeland, Jens Lillefosse (Tommy Kårdal 25 min) Kim Solberg, Joachim B. Solberg, Øyvind Tysse (Øyvind Tønjum 30 min) Ørjan Bysheim.

 

Aktivitetar