Reiste kjerringa

Osterøy retta opp att inntrykket frå helga med ein god kamp i Eidsvåg i går kveld. Skåringar av Øyvind Tysse (2) og Thomas Langeland sikra Osterøy 3-1 siger i ein kamp som vart kontrollert frå start til slutt.

UTE MED SKADE?: Kim Solberg kasta inn hanklede i pausen i 3-1 sigeren over Eidsvåg i går. -Eg er nok klar att til søndag, seier Osterøy-kapteinen

– Me var tilbake i vår vande 4-4-2 formasjon og starta kampen svært godt, seier kaptein Kim Solberg til osteroyil.no. -Spelet fungerte og med hadde god kontroll, sjølv om me slapp oss litt ned i periodar. Eidsvåg produserte få eller ingen farlegheitar for oss i desse periodane.

Etter ein drøy halvtimes spel er det duka for Osterøy-jubel. Eit langt utspark frå Einar Gjerstad havnar hos Øyvind Tysse som spring i frå det som er av forsvarspelarar og set ballen i mål. Ein klasseskåring. 1-0 vert òg resultatet til pause.

Det vert antydning til bekymring når Kim Solberg må kasta inn handklede i pausen. Sjølv avdramatiserer han det heile. – Eg kjende noko "grums" i låret. Vel å gå av i staden for å pressa på å få ein skade. Eg er nok klar til søndag. Spelande hjelpetrenar Heine Solberg tok over Kim sine oppgåver sentralt på midten i 2. omgang.

Ti minuttar etter kvilda er det igjen jubel på Osterøy-benken. Ørjan Bysheim, som har vore nest sist på ballen ved fleire høve i år, fungerer igjen som hovmeister. Etter å ha lurt av eit par tre mann ute på venstre sida, sender han inn eit hardt og lavt innlegg. Thomas Langeland kjem bakfrå og plasserer ballen enkelt i mål. 2-0.

Eidsvåg får ei redusering etter vel 65 minuttar, men det spelar inga rolle. Eit frispark fem minuttar før slutt havnar hos Øyvind Tysse. Han får tid og rom nok til å klinka til med strak vrist. Ballen fyk i mål og Tysse fastset med det sluttresultatet til 3-1.

-Eg er nøgd, seier Osterøy trenar Vidar Rosnes etter kampen. – No gjeld det å ta dette med seg inn i kampen på Furubakken på søndag, og vidare fram mot seriestart neste helg, avsluttar han

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Eirik B Hella, Andreas Kollvangsnes, Ronny Hansen (Remi Markussen), Martin Dyvik, Thomas Langeland (Øyvind Tønjum), Kim Solberg (Heine Solberg), Jens Lillefosse, Joachim B. Solberg, Øyvind Tysse og  Ørjan Bysheim