Eidsvåg ventar

I kveld gjer ein eit nytt forsøk på å avvikle treningskampen mot Eidsvåg, som skulle vore spelt for fjorten dagar sidan. Då gjorde tungt snøfall at kampen ikkje kunne spelast. Osterøy får dermed mulighet til å rette opp eit litt rufsete inntrykk etter kampen på Voss i helga.

Det har ikkje lukkast osteroil.no å få korkje kommentarar eller tropp frå trenar Rosnes. Det er likevel grunn til å tru at Osterøy mønstrar samme tropp som var på treningssamling på Voss i helga.

Stein Erik Kollvangsnes (strekk), Øvind Øvsthus (strekk), Eirik Øvsthus (vekkreist), og Kristiand Daltveit (militæret) er etter det me kjenner til ute eller usikre.

Kampen skal spelast i Eidsvåg og har avspark kl. 20.00.

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai