Variabelt på Voss

Det første tapet i sesongoppkjøringa var eit faktum etter at Osterøy møtte Voss 2 til dyst på Prestegardsmoen kunstgrasbane laurdag. Prestasjonane i kampen sto ikkje i stil med ambisjonane om omrykk. Treningssamlinga i ekstremsportbygda må likevel seiast å vera ein suksess.

GJEKK TIL: Kaptein Kim gjekk føre med eit godt eksempel mot Voss 2 laurdag. Her set han på plass både Joachim Solberg og ein uheldig Voss 2 spelar.

-Første omgang mot Voss 2 var ei katastrofe-forestilling frå vår side, seier trenar Vidar Rosnes. -Me går ut i vår alternative 4-3-3 formasjon, men me får det slett ikkje til å fungere defensivt.  Når me i tillegg gjer mange personlege feil blir me fort straffa.  Etter drøye 23 minuttar leiar vertane allereie 3-0, og kampen er i realiteten avgjort.  Det er nok den siste kampen me prøver oss på denne formasjonen, seier Osterøy-trenaren

 

To minuttar før pause får Osterøy ein ny smell, etter at ein Voss-angripar kranglar inn 4-0 leiing i duell med Ole Morten Tysse etter ein retur av Einar Gjerstad. Då er det ei mager trøyst Thomas Langeland på utsøkt vis lobbar over ein utspelt heimekeeper minuttet etter.

 

I pausen legg Osterøy om til sin meir vante 4-4-2 formasjon. Thomas Langeland vert trekt ned på høgrekant medan Ole Morten Tysse og ein småsjuk Ronny Hansen må vike plass for høvesvis Eirik Hella og Jens Lillefosse. Kampen gjevnar seg litt ut, men Voss 2 er framleis det førande laget.

 

Etter 77 min er Thomas Langeland frampå med ny redusering, før Ørjan Bysheim 4 minutt etter ”dømmer” straffe som Heine Solberg sikkert set inn til 4-3. Osterøy augnar no håp om eit uavgjort resultat og moglegheit til å oppretthalde sin gode statistikk i år. Minuttet vert håpet knust då Voss går opp i 5-3 leiing, som òg vert sluttresultatet.

 

-Prestasjonane i dag luktar definitivt ikkje opprykk, kommenterer Rosnes etter kampen. -Eg er likevel ikkje uroa. Det er mykje ferdighetar i dette laget. Me fekk ikkje vist det i dag, men gutane har mykje å gå på. Me får la det gå ut over Eidsvåg på onsdag, sluttar Rosnes.

 

Om ein ser bort frå kampen mot Voss, var samlinga ein suksess. Det vart avvikla treningar under svært gode treningstilhøve både fredag, laurdag og sundag. Tid til ”sosialt samkvem”  vart det òg. Fram mot seriestart 19. april ventar treningskampar mot Eidsvåg på onsdag og NHH på sundag.