Endeleg!

I dag, onsdag 27. februar, vart ein milepæl nådd i kunstgrasbaneprosjektet. Gravemaskinar frå Maskinentreprenøren AS tok dei første ”spadetaka” i Fugladalen. –Me har aldri vore så nært som no, seier ein oppglødd fotball-leiar til osteroyil.no

 


MERKEDAG: Onsdag 27. februar 2008 starta Maskinentreprenøren AS med grunnarbeid i Fugladalen.

-Dette har  me venta på og jobba opp i mot lenge, seier Ivar Solberg. –Eg kan nesten ikkje venta til baneanlegget endeleg vert klart til bruk. Det vil gi både aldersbestemt- og seniorfotball i klubben et enorm løft, seier han.

– Det som vert viktig framover no, er at me klarar å mobilisere til dugnad når det vert nødvendig. Me har merka ein oppsving i dugnadsånden dei siste vekene og eg trur at dette berre vil fortsette no når folk ser framdrift i ”dalen”, fortset han.  

I følge framdriftsplanen skal grunnarbeidet halde fram til og med første veka etter påske. Etter dette skal det foregå parallelle operasjonar fram til dekket skal leggjast i fellesferien. Anlegget skal stå ferdig i midten av august.