Kamp i Salhus søndag

Førstkommande søndag tar Osterøy sine håpefulle turen til Salhus og kamp mot Bergen Nord 2.  Kampen har avspark kl 17.00.

 

– Kampen søndag er viktig med tanke på å oppretthalde den gode stemninga me har fått i laget etter turneringssigeren på Valestrand, seier Vidar Rosnes. – Vårt fokus ligg i å vidareutvikle det solide forsvarspelet me har lagt oss til over dei seinaste kampane, fortset Rosnes.

 

Eksperiment

I tillegg til solid forsvarsspel skal hurtige, presise kontringar og dødballar legge grunnlaget for siger. – Dette vert dessutan den første kampen me får sjå alle dei tre ”superspissane” i aksjon, avslører Rosnes. – Me har trent litt på eit system som opnar for bruk av Ørjan, Thomas og Øyvind samstundes. Det skal prøvast ut over eit par kampar no. Det blir spanande å sjå korleis det vil fungere.

 

Redusert tropp

Osterøy stiller til avspark med ein litt redusert tropp. Spesielt midtbana er utsett. Brørne Øyvind og Eirik Øvsthus har begge meld forfall. Ellers er Andrea Kollvangsnes, Kenneth Grimstad, Odd Idar Mjøs og Tommy Kårdal usikre på grunn av skadar.

 

– Eg ligg ikkje mykje vaken av den grunn, flirer Rosnes. –Me skal likevel klare å bite godt i frå oss, avsluttar.

 

Me kjem sjølvsagt attende med resultat og referat frå kampen. Og hugs: Du les det først her på osteroyil.no!

 

Aktivitetar

Easybasket
Osterøyhallen
04 nov
Håndball-søndag
Osterøyhallen
26 nov
HaFo 2024
Osterøyhallen
29 nov