– Skuffande frammøte om Fugledalen

Det var ein litt skuffa leiar i fotballgruppa, Ivar Solberg, som saman med Jørgen Varden i går informerte om status for kunstgrasbana i Fugledalen. Frammøte på klubbhuset denne kvelden var nemleg labert.

– Det er klart eg er litt skuffa, seier Solberg. – Dette er et viktig prosjekt for bygda, og folk har etterlyst meir informasjon. Då synes eg det er underleg at så få dukkar opp når me heldt eit slikt møte som dette.

Bortsett frå styret i fotballgruppa, hadde ein (1) tilhøyrar funne vegen til Hatland denne kvelden. Varden og Solberg valde likevel å avhalde møtet.

Ferdig i august
– Maskinentreprenøren AS vil ta til med grunnarbeidet allereie neste veke, informerte Varden. – Dette arbeidet skal halde fram til og med første veka etter påske. Etter dette vil fleire prosessar gå parallelt, fram til graset skal rullast ut i juli, fortset han.

Graset skal etter planen skal vere fedig lagt i månadskifte juli/august, og det er sett av 14 dagar til "etterarbeid". – Dette innebærer at ting blir ordna til slik at det ikkje ser ut som ei røys kring bana, forklarar Varden. – Me har hyra profesjonell hjelp også til denne delen av arbeidet. Anlegget skal sjå strøkent ut når det står klart, legg han til. – Det vil me ha att for på sikt.

Dugnadsånden må opp
Ivar Solberg er kjapp å legge til at prosjektet ikkje let seg gjennomføre innan avsatt tid dersom ikkje folk møter til dugnad. – Me har tatt på oss ein del oppgåver i byggjeprosessen for å komma i mål økonomisk. Det er derfor "jysla" viktig at folk stiller på dugnad i vår. Om me ikkje klarar å gjere oss ferdig med eigne arbeidsoppgåver kan dette få konsekvensar både for framdrifta og økonomien i prosjektet, seier Solberg.

-Slik som det er no må me lite på dei samme personane kvar gong, fortset han. – Det hadde vore gull om fleire kan trø til utover våren. Eg har imidlertid god tru på at ostringane vil få ansvarsfølelse for prosjektet når dei ser framgang i "Dalen" no framover.

Han avsluttar med ei oppmoding til alle som kan halda ein spade; – Ring meg og meld deg til teneste for lokalmiljøet, eller svar JA når eg ringer deg. Bygda treng dette!

 

Aktivitetar

03 mar
05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar