Til topps i Bergan Bygg Cup ? OPPDATERT

Vidar Rosnes sine utvalgte sette all motstand til veggs i Bergan Bygg Cup på Furubakken i helga. Ein sterk prestasjon av dei gul- og grønkledde, som garantert vil fyra opp under "opprykksnakk" på Hatland framover.

NØGD TRENARDUO: Trenar Vidar Rosnes (t.v) og spelande assistent, Heine Solberg, hadde all mogleg grunn til å vera nøgd etter første stikk i Bergan Bygg Cup

Eg er svært nøgd med gjennomføringa av turneringa, seier Rosnes. – Det er godt å få bekrefta, for meg som trenar og for spelarane sjølve, at arbeidet me legg ned i dette gamet gir resultat. Me har lenge trudd at me har noko på gong. No veit me, smiler Osterøy trenaren. – Det er likevel viktig å landar fort att og fortset med knallhard jobbing fram mot seriestart i ein sesong som vonleg blir vår siste i 5. divisjon.

 

God start

Osterøy fekk ein god start på Furubakken fredag. Først vart Hausvik sett på plass med 3-0 etter mål av Martin Dyvik og Jens Lillefosse (2). – Den dårlegaste kampen, reint spelemessig, kommenterer Rosnes. – Me rota fælt, spesielt i 1. omgang. Andre omgang er betre, men me klarar aldri å få opp balltempo nok til å spele dei ut. Litt skuffande, seier han.

 

Eikanger til kort

Seinare samme kveld måtte stod Eikanger på motsatt banehalvleik. Også dette endte med Osterøy-siger. Eikanger målvakta måtte ta turen inn i eigne nettmasker og henta ballen heile fem gonger. Einar Gjerstad i Osterøy-buret heldt på siside  nullen for andre gong den kvelden.

 

-Dette var nok det beste me gjorde i heile turneringa, seier ein oppglødd Osterøy trenar. – Me var aggressive, hadde høgt tempo i angrepsspelet  og spelte med entusiasme. Me var fullstendig overlegne og var nærare både 6 og 7-0 enn dei var redusering.

 

Erik Øvsthus, Thomas Langeland (2) og Joachim Solberg (2) skåra måla for Osterøy.

 
Kampen med stor P
Laurdag venta det mykje omtala møtet med vertskapet i VHFK. Før turneringa var denne kampen blinka ut som det viktigaste oppgjeret, og kampen ingen av laga ville tapa. VHFK kjem best i gong og tek leiinga ved Frank Hansen, men etter ei perle av Joachim Solberg og eit dødballmål av Ole Morten Tysse er situasjonen snudd opp-ned.

 

-Første omgang var jevn, med gode målsjangsar begge vegar, seier Rosnes, som ser Kristoffer Bognøy utlikne for VHFK før laga går til pause. – I andre omgang hadde nok VHFK eit spelemessig overtak utan at dei klarte å omsetje dette i farlege målsjangsar. – Største sjangsen i omgangen er det faktisk me som har. Unge Øyvind Tysse får ballen servert på åpent mål, men nøler litt og skotet blir blokkert.

 

5 spikrar i VHFK kista

I den siste kampen mot Dale skal det heile avgjerast. VHFK snubla mot Eikanger og med siger vil Osterøy kunne kalla seg ”meistrar” i årets Bergan Bygg Cup. Rosnes sine utvalde viser ingen nåde og hamrar heile fem spikrar i VHFK kista.

 

-Første omgang er ei svak forestilling, seier Rosnes. -Om det er at me ikkje orkar eller at me er prega av at me ville vinna turneringa med siger, veit eg ikkje. Osterøy går til pause med 1-0 etter skåring av Øyvind Tysse.

 

Tidleg i 2. omgang skårar kaptein Eirik Øvsthus og tenner Osterøy-spelarane att. Balltempoet aukar og fleire gode angrep vert rulla opp, spesielt på høgre kanten. To mål til av Øyvind Tysse og eit av spelande assistent trenar, Heine Solberg, gir Osterøy sin andre 5-0 siger i turneringa.

 

Store framsteg

-Som sagt er eg svært nøgd med turneringssigeren. I tillegg til å få bekrefta at me har noko på gong i Osterøy no, synest eg det er særs gledelig at dei yngste taklar utfordringanen slik dei gjer i helga, seier Rosnes. –Både Martin Dyvik, Steffen Gjøstein, Tommy Kårdal og Øyvind Tønjum har gjort store framsteg i vinter, og viser dette til fulle i denne turneringa.

 

-Joachim Solberg og Thomas Langeland har etablert seg på laget, og blir berre betre og betre, fortset han og legg til at han no har eit lusksusproblem på topp; – Thomas og Øyvind Tysse gjorde ei kanonturnering saman der framme. Utfordringa mi no blir å få plass til begge saman med fjorårstoppskårar Ørjan Bysheim. – Eg har ein plan, smiler Rosnes litt hemmelighetsfull. – Me får sjå korleis det vil fungere.

                                                                                    

Joachim beste spelar

Turneringssiger og sportslege framsteg over heile fjøla var imidlertid ikkje nok. Joachim Solberg vart i tillegg kåra til turneringa sin beste spelar. –Kjekt, seier Rosnes. -Joachim var god gjennom heile turneringa. Han har ein svært presis fot, og skåra i tillegg tre mål. – Det skal bli artig å følgje utviklinga hans vidare fram mot seriestart.

 

-Heile troppen er i rute, avsluttar Rosnes og legg til at han likevel må få berømme Ole Morten Tysse for botnsolid backspel og Eirik Øvsthus for ein kjempejobb i ”Kaptein Kim” sitt fråver. – Dette gjev oss mange strengar å spele på.

 

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai