Bullaåsen og Skøygøy 2 vann Ribbecupen 2007

 

Vinnarar i aktiv klasse vart Bullaåsen


Vegard Askeland Mjelstad representerte taparane i finalen med laget "Lucky Loosers". Futsalkongane, dei fleste frå Valestrand, viste seg å vera for sterke for dei ambisiøse unggutane. Kanskje var det ein tung og tøff semifinale som sat i beina….

Skøy Gøy 2 møtte Bergan Bygg i finalen. Byggmeistrane hang med ei stund, men dei lettbeinte spelararane i Hjellvikkrinsen vart for gode.

I Mjelstad og Stokke Ribbecup 2007 deltok 23 lag. 7 lag var i aktiv klasse, medan heile 16 lag var med i klasse mosjon. Alt i alt eit vellukka arrangement for Osterøy IL fotballgruppa. Mykje folk på tribuna alle dagar og fleire kampar med høg temperatur.
Nokre innspel har det kome på detaljar i reglement og kampoppsett. Dette vil arrangøren ta med seg i planleggjinga av Ribbecupen 2008.