Osterøy snudde kampen totalt

 

Tysdag 2.oktober var det klart for ein vanskeleg borte kamp for eit juniorlag i kamp om opprykk. Varegg/Nordnes låg like i hælane og ein visste på forhånd at skulle kmapen vinnast måtte innstillingen vera på topp frå starten.

Istaden skjedde det motsette. Bortelaget var aggressive frå starten og håpefulle ostringar såg tafatte ut på den flotte kunstgrasmatta på Stemmemyren. Litt uti omgongen stod det 3-0 og alle kom etter feil som ein oftast klarar å unngå på juniornivå.

Jørgen Greve Risholm kom innpå når halvtimen var gått og sette meir fart i Osterøyangrepet. Det var difor ikkje noko overrasking at det nettopp var han som sette inn målet som starta opphentinga……

Etter pause var Osterøylaget ikkje til å kjenna att. Markeringane var tettare, løpa meir innsatsfulle og laginnsatsen var av ein heilt annan klasse. Heimelaget hadde eit par brukbare forsøk, men elles vart det ein rein strilakamp. Til slutt var kampen heilt snudd og det stod 4-3 etter at Jørgen hadde scora eit mål til + skaffa straffespark. Daniel Fossbakken scora bombesikkert på straffen og den andre Daniel i midtforsvaret stod for det siste målet på ein vakker heading.

Dommaren i kampen i går fortener også honnør. Han fekk ein god tone på bana og tok godt i det som var nødvendig. Litt synd at årets suverent beste dommar til vanleg dømmer i Oslo…..

Så med 3 poeng etter ein slik fantomkamp var det mange smil og sjå i flomlyset i byn. Nokre spelarar må få ein ekstra honnør i kampen…. Tommy Kårdal etter å h alagt eit enormt arbeid som spiss og Jørgen Greve Risholm etter å dominert kampen i ein og ein halv omgong. Mykje tyder på at kampen førstkomande søndag mot topplaget Bjarg på heimebane vert avgjerande for om juniorlaget har sjanse til å vinna si avdeling og såleis kjempa om opprykk til junior 1.divisjon neste år.


Martin Dyvik sleit, som resten av laget, i starten på kampen, men spelte seg kraftig opp som venstreback. 


Bestemann på bana, Jørgen Greve Risholm, ser sliten ut også her… Biletet er henta frå tur til Danmark i 2007. 

Aktivitetar

18 feb
Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass
23 feb