Småjentene storspelte og vann mot serieleiaren
Osterøy møtte Stanghelle som var ubeseira i år på ei søkkvåt grasbane. Det var tydeleg at jentene hadde bestemt seg for å gjera ein skikkelig kamp og det var kjempegod innsatsvilje frå første stund. Dette gav resultat og etter ca 20 minutt hadde Stine Lone Hatland putta 3 mål. Stanghelle, som hittil i år kun har fått 6 mål imot seg, såg ikkje ut som dei trudde dette gjekk an.
Jentene slakka litt av utover i 1. omgong og Stanghelle reduserte 2 gongar før pausen.
I 2. omgang begynte kreftene å minka litt på den tunge bana og midtveis i omgongen utlikna Stanghelle til 3-3. Men jentene gav ikkje opp, dei hadde mange flotte skudd på mål, men målvakten til Stanghelle var overalt og plukka det meste.
Heldigvis lukkast det til slutt, og etter corner av Stine Lone Hatland, fekk Stine Agnete Solberg ballen bak Stanghelle sin målvakt, dermed endte kampen 4-3!
Dette var den beste kampen me har sett småjentene utføra i år, og dei ligg no på ein fortent 2. plass, med kun 1 kamp igjen av sesongen. Flott innsats jenter!
Referent
Laila