Kamp i toppen

 

I  pøsande regn vann til slutt juniorlaget det dramatiske toppoppgjeret mot Dale. 4-3 enda det til slutt, men kampen stod og vippa heilt til det var blåst av 4 minuttar på overtid.

Daniel Fossbakken scora 2 mål i kveld. Begge måla kom på dødball, og det eine var straffespark. Straffesparket kom etter ei soleklar takling keeper gjorde på lettbeinte Jørgen Greve Risholm frå Fotlandsvåg. Keeper fekk eit korrekt raudt kort og Daniel var sikker frå 11-metersmerket.

Jørgen scora sjølv det viktige første målet i kampen.

For dommaren vart det ein vanskeleg kamp. Tempoet var høgt og noko dårleg lys gjorde jobben endå vanskelegare. Elles var det vel ein del spelarar, særleg på bortelaget,  som også hadde sterke meiningar om den svartkledde sin innsats.

Det avgjerande fjerde målet kom på eit glimrande framspel til Thomas Langeland som scora sikkert mot Dale sin keeper.

Etter dette resultatet er laget framleis med å kjempa om opprykk, sidan Bjarg spelte uavgjort mot Valestrand Hjellvik på Furubakken i kveld.

Sjå tabell. Tabellen manglar eit resultat for Osterøy.